Whitecliffs er ein landsby i Selwyn District i regionen Canterbury på Sørøya på New Zealand. Ved folketeljinga i 2018 hadde Whitecliffs eit folketal på .Dette talet omfatta også busetnadane Coalgate og Glentunnel.
Staden har også vore kjend som South Malvern (Sheffield var tidlegare kjend som Malvern), og namnet Whitecliffs kjem frå dei terrasserte klippene ovanfor elva Selwyn River. Byenvar tidlegare betydeleg større enn no, og hadde industriverksemder som keramikkverkstadar og teglverk, og kolgruver og sandtak fanst i nærleiken. Byen var så økonomisk viktig at det vart bygd ei sidelinje frå Midland Line, Whitecliffs Branch, til byen. Denne opna 3. november 1875. Passasjertransporten heldt fram til 13. mars 1949, og på grunn av minkande frakt vart linja heilt stengd 31. mars 1962. Lokomotivstallen til jarnvegen står enno i byen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Whitecliffs» frå , den 20. november 2011.
Bakgrunnsstoff Informasjon frå Selwyn District
Kategori:Selwyn District Kategori:Busetnader i Canterbury på New Zealand