André Gide () var ein fransk forfattar og nobelprisvinnar.
Gide hadde ein streng religiøs oppvekst. Spenninga mellom asketisme og livsnyting vart eit grunndrag i André Gides produksjon. Han debuterte i 1891 med Les cahiers d'André Walter. Hans sjølvbiografi frå 1946 og hans dagbøker (utgitt i 1939, 1942 og 1950) gir innblikk i Gides kompliserte personlegdom. I 1947 vart han tildelt Nobelprisen i litteratur med følgjande grunngiving: «för hans vittomfattande och konstnärligt betydelsefulla författarskap, i vilket mänsklighetens frågor och villkor ha framställts med oförskräckt sanningskärlek och psykologisk skarpsyn».
Gide var brorson til nasjonaløkonomen Charles Gide. I 1895 gifta han seg med Madeleine Rondeaux. På grunn av si homoseksuelle legning levde dei aldri i eit fullbyrda ekteskap.
Utvald bibliografi (norske titlar) L'Immoraliste (1902) (Den umoralske) La Porte étroite (1909) (Den trange port) Les Caves du Vatican (1914) La Symphonie pastorale (1919) (Hyrden) Corydon (1924, essays) Si le grain ne meurt (1924, sjølvbiografi) Les Faux-monnayeurs (1925) (Falskmyntnerne) Voyage au Congo (1927, reiser) Retour de l'U.R.S.S. (1936, reiser)
Bakgrunnsstoff Nobelprize.org, Nobelprisen i litteratur 1947 Nobelprize.org, André Gide - Biografi
André Gide på Wikisource (på fransk)
Kategori:Franske forfattarar Kategori:Franskspråklege forfattarar Kategori:Nobelprisen i litteratur Kategori:Franske nobelprisvinnarar