Hawaiisk er eit polynesisk språk som saman med engelsk er offisielt språk på Hawaii. Hawaiisk har rundt 1 000 språkbrukarar, og er rekna som eit truga språk. Dei fleste stader på Hawaii er språket blitt erstatta av engelsk som daglegspråk. Den privateigde, skjerma øya Niʻihau er eit unntak der dei rundt 130 innbyggjarane har hawaiisk som førstespråk.
Talet på hawaiisktalane har minka frå rundt 37 000 ved byrjinga av 1900-talet til rundt 1 000, mange av desse eldre, ved byrjinga av 2000-talet. Dei siste tiåra har det vore aukande merksemd rundt hawaiisk, og det finst no skular som gjev språkopplæring i språket på Hawaii.
Ortografi
Ortografien for hawaiiisk vart uvikla av protestantiske misjonærar frå USA i 1820-1826. Den første versjonen av alfabetet inneheldt også dei stemte versjonane av konsonantrekka ( b, d, r, t, v), men dei vart erstatta av ein fonematisk analyse av språket. Alle vokalane representerer eit kort og eit langt fonem, lange vokalar er markert med makron (ā, ē, ī, ō, ū).
Aa Ee Ii Oo Uu Hh Kk Ll Mm Nn Pp Ww ʻ /ʔ/
Grammatikk Fonologi
Konsonantar
Hawaiisk er kjend for å ha eit svært lite konsonantsystem: To nasalar, tre lukkelydar og tre sonorantar/frikativar, med andre ord eit system med åtte fonem i ei 3x3-matrise.
+ KonsonantarLabialAlveolar ~ VelarGlottalNasal Plosiv Frikativ ~ Sonorant
Vokalar
Hawaiksk har verdas vanlegaste vokalsystem, femvokalsystemet /i - e - a - o - u/, med lengdeskilnad. For vokalane /e/ og /a/ skil dei korte og lange vokalane seg frå kvarandre også kvalitativt (lang [e:, a:], kort [ɛ ~ e, ɐ ~ ə ].
+Hawaiiske vokalar fremre midtre bakre lukka halvopen open
Diftongar
Hawaiisk har også diftongar, 10 lange og 6 korte.
Fonotaks
Stavingsstrukturen i hawaiisk er (C)V(V).
Ordklasser
Hawaiisk er, som andre polynesiske språk, eit isolerande språk.
Det finst to ordklasser, innhaldsord og partiklar.
Hawaiisk uttrykker syntaktiske funksjonar ved hjelp av partiklar:
ʻo markerer subjekt i eller ia markerer objekt ma markerer lokasjon a markerer skiljeleg genitiv o markerer uskiljeleg genitiv (kroppsdelar o.l.) e markerer agensfraser i passiv ē markerer vokativ
Ordstilling
Ordstillnga er VSO.
Nominalfrase
Tal og bestemtheit blir bestemt med ein partikkel.
Singular Plural bestemt ka / ke (den, det) nā (dei) ubestemt he (eit, ei, eit) Ingen determinativ partikkel, evt. he mau
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hawaiiska» frå , den 27. mars 2012.
Bakgrunnsstoff Hawaiian - UCLA Language Materials Project, University of California Los Angeles (UCLA).
Kategori:Hawaiisk kultur Kategori:Språk i USA Kategori:Malayopolynesiske språk Kategori:Einskildspråk