1908 (romartal MCMVIII) var eit skotår som byrja på ein onsdag i den gregorianske kalenderen og eit skotår som byrja på ein tirsdag i den julianske kalenderen.
mini|Kanadisk valplakat frå 1908. mini|Svensk valplakat frå 1908.
Hendingar Utlandet 6. januar: Opprør i Marokko. Mulai Hafid blei utropt til ny sultan i Fès. 1. februar: Kong Carlos I av Portugal og kronprinsen blei drepne i Lisboa. Den nest eldste kongssonen blei utropt til kong Manuel I av Portugal. 10. mai: Den første morsdagen blei feira i Grafton i West Virginia i USA. 23. juni: I Persia avsette Muhammed Ali Shah regjeringa, innførte unntakstilstand og opphevde grunnlova av 1906. Statskuppet utløyste borgarkrig. 30. juni: Tunguska-eksplosjonen, truleg skapt av ein asteroide eller komet, raserte meir enn 2 000 kvaderatkilometer skog i Sibir. 20. august: Den belgiske staten tok over Kongo frå kong Leopold II. 5. oktober: Bulgaria erklærte sjølvstende frå Ottomanarriket. 6. oktober: Austerrike annekterte Bosnia-Hercegovina. 7. oktober: Kypros gjekk i union med Hellas. 14. november: Etter at keisar Guand Xu døydde dagen før blei to år gamle Puyi innsett som keisar av Kina — den siste. 28. desember: 75 000 menneske i den italienske byen Messina døydde i eit jordskjelv.
Jernbanen kom fram til Kano i Nigeria og var med på å føre til at eksporten av jordnøtter auka frå vel 1 000 til nesten 20 000 tonn.
Noreg 19. mars: Regjeringa Løvland (V) gjekk av og blei erstatta av regjeringa Knudsen I (også V) 13. mai: Forbod mot fisking med trål i norsk sjøterritorium. Isach Coldevin på Dønnes gard kjøpte den fyrste traktoren i Noreg (ein Ivel). Sleipner Motorfabrikk vart stifta i Sarpsborg. 26. september: Den noverande Sportsklubben Brann blei stifta på Johnsens cafè i Bergen som «Ski og fodbollklubben Brann».
Fødde
9. januar: Simone de Beauvoir, fransk forfattar 3. februar: Øyvind Dybvad, norsk forleggjar 17. mars: Oscar Christian Gundersen, norsk politikar 30. mai: Hannes Alfvén, svensk arkitekt 21. juni: Erik Brofoss, norsk økonom og politikar 26. juli: Salvador Allende, chilensk president 6. august: Arthur Klæbo, norsk prgramskapar og forfattar 14. august: Arne Ekeland, norsk målar 18. august: Olav H. Hauge, norsk forfattar 23. august: Arthur Adamov, russisk-fransk forfattar 27. august: Lyndon B. Johnson, USA-amerikansk president 2. september: Olaf Hoffsbakken, norsk skirennar 16. oktober: Enver Hoxha, albansk statsleiar 19. oktober: Geirr Tveitt, norsk toneskapar 10. desember: Olivier Messiaen, fransk toneskapar
Døde mini|Jonas Lie døydde i 1908. Her i eit måleri frå 1902.
28. januar: Ragnhild Jølsen, norsk forfattar 1. februar: Kong Karl av Portugal 13. april: Aasta Hansteen, norsk kvinnesakspioner 24. april: Józef Gosławski, polsk bilethoggar 5. juli: Jonas Lie, norsk forfattar 25. august: Henri Becquerel, fransk fysikar og nobelprisvinnar 24. juni: Grover Cleveland, president av USA 21. juni: Nikolaj Rimskij-Korsakov, russisk komponist
Bakgrunnsstoff