1914 (romartal MCMXIV) var eit normalår som byrja på ein torsdag i den gregorianske kalenderen og eit normalår som byrja på ein onsdag i den julianske kalenderen. Dette året braut første verdskrigen ut.

Hendingar Utlandet mini|Kagoshima og Sakurajima i 1914. 1. januar: To britiske protektorat i Vest-Afrika blei slått saman til éin koloni, Nigeria, namngjeven av guvernørkona Flora Shaw. 11. januar: Vulkanen Sakurajima nær Kagoshima i Japan byrja eit utbrot som voks etter eit stort jordskjelv 13. januar. Lavaflaumen band saman vulkanøya med Osumihalvøya. 1. mars: Republikken Kina blei medlem av verdspostforeininga. 7. mars: Prins Wilhelm av Wied kom til Albania for å bli konge der. Regjeringstida hans vara berre i 6 månader. 16. mars: Henriette Caillaux, kona til den franske ministeren Joseph Caillaux, drap avisredaktøren Gaston Calmette ved Le Figaro etter ein lengre aviskampanje mot ektemannenn. 27. mars: Den belgiske kirurgen Albert Hustin utførte den første vellukka ikkje-direkte blodoverføringa ved hjelp av antikoagulantar. 20. april: Ludlowmassakren mot streikande gruveabeidarar og familiane deira i Ludlow i Colorado førte til at 39 arbeidarar, kvinner og barn blei drepne. 21. april: «Banankrigane». Marinesoldatar frå USA okkuperte Veracruz i Mexico etter at ein mindre krangel i Tampico førte til ei større diplomatisk tildraging. 14. mai: President Woodrow Wilson skreiv under ein proklamasjon som gjorde morsdagen til ei offentleg feiring i USA. 25. mai: Det britiske underhuset vedtok Government of Ireland Act 1914, som skulle gje Irland sjølvstyre som del av Storbritannia. 29. mai: Linjeskipet RMS «Empress of Ireland» gjekk ned i St. Lawrence-elva etter ein kollisjon med det norske lasteskipet DS «Storstad». 1 012 menneske omkom. 30. mai: Linjeskipet RMS «Aquitania» la ut på jomfruturen sin. 7. juni: Panamakanalen stod klar. miniatyr|Ein fanga mann (kanskje Gavrilo Princip) etter skota i Sarajevo. 23. juni: Kaiser-Wilhelm-kanalen (Kielkanalen) gjennom Schleswig-Holstein blei gjenopna av keisar Vilhelm. Det britiske dreadnoughtskipet HMS «King George V» vitja Kiel og blei inspisert av den tyske keisaren. 28. juni: Erkehertug og kronprins Franz Ferdinand av Austerrike og kona hans blei skotne under ei vitjing til Sarajevo av den serbiske nasjonalisten Gavrilo Princip. Drapet sette i gang ei rekkje alliansar mellom land i Europa og førte til første verdskrigen. 29. juni: Den austerriksk-ungarske legasjonssekretæren i Beograd sende ei melding til Wien om mogleg serbisk innblanding i drapa i Sarajevo. Antiserbiske opptøyar braut ut i heile Bosnia. 5. juli: Eit rådsmøte i Potsdam mellom austerriksk-ungarske og tyske leiarar diskuterte mogleg krig mot Serbia, Russland og Frankike. 6. juli: Tyskland gav Austerrike-Ungarn bindande løfte om støtte i høve krig mot Serbia. 23. juli: Julikrisa. Austerrike-Ungarn stilte Serbia eit ultimatum som kravde at landet skulle forhindra anti-austerriksk propaganda og aktivisme og fjerna involverte i Sarajevo-attentatet frå statleg teneste. 25. juli: Første verdskrigen. Austerrike-Ungarn hevda å ikkje ha fått eit tilfredsstillande svar på ultimatumet til Serbia, og byrja mobilisera. 28. juli: Første verdskrigen. Austerrike-Ungarn erklærte krig mot Serbia. 29. juli: Cape Cod-kanalen opna i Massachusetts. Kanalen korta ned sjøreisa mellom Boston og New York med ca. 10 mil, men gjorde også Cape Cod om til ei øy. 30. juli: Første verdskrigen. Russland byrja allmenn mobilisering. Tyskland la fram eit ultimatum om at ordren skulle takast tilbake. 31. juli: Den franske politikaren Jean Jaurès vart myrda av ein høgrenasjonalist på ein kafe i Paris. 1. august: Første verdskrigen. Tyskland erklærte krig mot Russland. Allmenn mobilisering i Frankrike og Tyskland. mini|Tyske soldatar går inn i Brussel 20. august 1914. 2. august: Første verdskrigen. Tyskland besette Luxembourg og gav nøytrale Belgia eit ultimatum om fritt leide. 3. august: Første verdskrigen. Tyskland erklærte krig mot Frankrike. Belgia avviste kravet om fritt leide. 4. august: Første verdskrigen. Tyskland invaderte Belgia. Storbritannia erklærte krig mot Tyskland for å ha brote nøytraliteten til Belgia. Dette hadde konsekvensar for dei britiske og tyske koloniane i resten av verda. 5. august: Første verdskrigen. Tyskland erklærte krig mot Belgia. Montenegro erklærte krig mot Austerrike-Ungarn. 5.-16. august: Slaget ved Liège under første verdskrigen. Tyske styrkar overvann dei belgiske. Tidleg i slaget blei Liège bomba frå tyske luftskip. 6. august: Første verdskrigen. Austerrike-Ungarn erklærte krig mot Russland. 12. august: Slaget ved Haelen under første verdskrigen. Belgiske styrkar slo tilbake dei tyske. 20. august: Første verdskrigen. Tyske styrkar okkuperte Brussel. 23. august: Første verdskrigen. Slaget ved Mons. Britiske styrkar heldt tilbake tyske styrkar, men byrja så ein månadlang retrett langs elva Marne. Japan erklærte krig mot Tyskland. 26. august til 2. september: Første verdskrigen. Slaget ved Tannenberg i Aust-Preussen mellom tyske og russiske styrkar enda med tysk siger. Den tyske øvstkommanderande Paul von Hindenburg fekk status som krigshelt. 1. september: St. Petersburg i Russland bytta namn til Petrograd. Den siste kjende vandredua, «Martha», døydde i Cincinnati Zoo. 3. september: Pave Benedikt XV, fødd Giacomo della Chiesa, etterfølgde pave Pius X. Wilhelm av Albania forlét Albania etter seks månader som konge der grunna sterk motstand mot han. 5.-9. september: Første verdskrigen. Det første slaget ved Marne stoppa den tyske frammarsjen mot Paris. 7. september: Første verdskrigen. Det osmanske riket erklærte krig mot Belgia. 17. september: Arbeidarpartipolitikaren Andrew Fisher blei statsminister i Australia for tredje gong. 3. oktober: Eit jordskjelv fann stad sørvest i Tyrkia med episenter nær Burdursjøen. Rundt 4 000 menneske døydde og heimar og monument blei øydelagde.Significant Earthquake, ngdc.noaa.gov 9. oktober: Første verdskrigen. Tyske styrkar tok Antwerpen i Belgia. 19. oktober–22. november: Første verdskrigen. Det første slaget ved Ypres stoppa den tyske framrykkinga mot havet etter store tap på begge sider. 5. november: Storbritannia og Frankrike erklærte krig mot Det osmanske riket. Storbritannia annekterte Kypros. mini|Franske soldatar går til åtak i slaget ved Marne i september 1914. 2. desember: Første verdskrigen, kampen om Serbia. Austerriksk-ungarske styrkar okkuperte Beograd. 8. desember: Første verdskrigen. Ein overveldande britisk marinestyrke leidd av Doveton Sturdee sigra over skip frå den tyske marinen under Maximilian von Spee. 12. desember: Børsen i New York opna att etter å ha blitt stengd 1. august ved krigsutbrotet. 15. desember: Ein gasseksplosjon ved Mitsubishi si kolgruve i Hojyo på Kyūshū i Japan førte til tap av 687 menneskeliv. 18. desember: Sultanatet Egypt blei eit britisk protektorat. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia. 19. desember: Første verdskrigen, kampen om Serbia. Slaget ved Kolubara enda med ein klar serbisk siger over austerriksk-ungarske styrkar. 24. desember: Julefreden, ein uoffisiell våpenkvile og fraternisering mellom britiske og tyske soldatar, fann stad. Hamnebyen Dover sør i England blei bombardert av tyske fly, luftskip og krigsskyp.

Noreg mini|Postkort frå 1914 med sitat av Bjørnstjerne Bjørnson. Hundreårsjubilem for den norske grunnlova 5. mai-11. november: Jubilæumsutstillingen blei halden i Kristiania (Oslo) for å markera grunnlovsjubileet. 31. juli: Første verdskrigen. Noreg erklærte seg nøytrale i konflikta mellom Austerrike-Ungarn og Serbia. 7. september: Det første norske krigsforliset under første verdskrigen fann stad då dampskipet «Tyskla» gjekk på ei mine utanfor Nederland. 3 omkom. 8. september: Første verdekrigen. Noreg og Sverige inngjekk ein nøytralitetsavtale.

Grønligrotta i Rana blei utforska for første gong av geologen J. Oxaal.

Fødde mini|Alf Prøysen i 1964

14. januar: Hugh Trevor-Roper, britisk historikar 15. februar: Jan-Magnus Bruheim, norsk forfattar 3. mars: Asger Jorn, dansk biletkunstnar 31. mars: Octavio Paz, meksikansk forfattar 2. april: Alec Guinness, britisk skodespelar 4. april: Marguerite Duras, fransk forfattar og regissør 21. april: Gunnar Randers, norsk fysikar 15. mai: Tenzing Norgay, nepalsk fjellklatrar 23. juli: Alf Prøysen, norsk visesongar og forfattar 9. august: Tove Jansson, finsk forfattar 26. august: Julio Cortazar, argentinsk forfattar 24. september: Andrzej Panufnik, polsk-britisk komponist 6. oktober: Thor Heyerdahl, norsk oppdagar 27. oktober: Dylan Thomas, britisk (walisisk) diktar 9. desember: Max Manus, norsk motstandsmann og forretningsmann

Døde mini|Bertha von Suttner rundt 1911.

21. januar: Theodor Kittelsen, norsk målar og forfattar 3. februar: Johannes Skar, norsk folkeminnesamlar 25. mars: Frédéric Mistral, fransk forfattar og nobelprisvinnar 2. april: Paul Heyse, tysk forfattar 21. juni: Bertha von Suttner, austerriksk forfattar, pasifist og vinnar av Nobels fredspris 28. juni: Erkehertug Franz Ferdinand av Austerrike 16. juli: Hans Ross, norsk teolog, ordbokredaktør og målmann 4. august: Hubertine Auclert, fransk kvinnesaksforkjempar 20. august: Pave Pius X 26. september: August Macke, tysk målar 1. oktober: Kitty Kielland, norsk målar

Kjelder Denne artikkelen bygger på «1914» frå , den 27. januar 2014.

Kategori:Utvalde artiklar 2014