Ovidiu Cernăuțeanu, kjend som Ovi Martin, Ovidiu Jacobsen og Ovi, () er ein rumensk-norsk songar.

Debutalbumet hans, This Gig Almost Got Me Killed, vart utgjeve i 2009. Året etter vart det attutgjeve med nytt cover og songen «Playing with Fire» som bonusspor.

Melodi Grand Prix 2006 I den andre delfinalen i Melodi Grand Prix 2006 deltok han, då med artistnamnet Ovi Martin, med songen «The Better Side Of Me», men han kom ikkje lenger enn til sistesjansen.

2009 I 2009 kom han til finalen med songen «Seven Seconds».

2012 I 2012 deltok han som låtskrivar saman med Thomas G:son og Tommy Berre for «High on Love» som vart framført av Reidun Sæther.

Selecția Națională 2010 I 2010 deltok han i den rumenske uttakinga til Eurovision Song Contest 2010, Selecția Națională 2010, saman med Paula Seling og songen «Playing with Fire». Dei vann med 24 poeng og fekk dimed representerte Romania i Eurovision Song Contest 2010.

Eurovision Song Contest 2010 Paula Seling og Ovi starta som nummer ti i den andre semifinalen etter Nederland med «Ik ben verliefd (Sha-la-lie)» av Sieneke og før Slovenia med «Narodnozabavni rock» av Ansambel Roka Žlindre og Kalamari.

Bidraget fekk tolv poeng frå Storbritannia, ti poeng frå Noreg, åtte poeng frå Israel, Danmark, Kypros og Tyrkia, sju poeng frå Sverige, seks poeng frå Litauen og Irland, fem poeng frå Aserbajdsjan, fire poeng frå Armenia, Sveits, Slovenia, Bulgaria og Georgia og tre poeng frå Ukraina og Nederland. Romania fekk til saman 104 poeng og enda på fjerdeplass av totalt 17 bidrag. Dei gjekk dimed vidare til finalen. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget enda på fjerdeplass med 113 poeng og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget enda på åttandeplass med 80 poeng.

Dei starta som nummer 19 i finalen etter Frankrike med «Allez Ola Olé» av Jessy Matador og før Russland med «Lost and Forgotten» av Peter Nalitch and Friends.

Bidraget fekk tolv poeng frå Moldova, ti poeng frå Spania, Noreg, Portugal og Sverige, åtte poeng frå Kypros, Storbritannia, Israel og Danmark, sju poeng frå Aserbajdsjan, Irland og Slovenia, seks poeng frå Serbia og Polen, fem poeng frå Albania, Island, Malta og Nederland, fire poeng frå Hellas og Sveits, tre poeng frå Russland og Latvia, to poeng frå Bosnia-Hercegovina, Tyrkia, Ukraina og Litauen og eitt poeng frå Kviterussland, Armenia og Slovakia. Romania fekk til saman 162 poeng og enda på tredjeplass av totalt 25 bidrag. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget enda på sjetteplass med 155 poeng og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget enda på tredjeplass med 167 poeng.

Eurovision Eurovision Song Contest 2015 Saman med Viorel Gavrila, Mihai Pocorschi, Anca Lupes og Alexandra Cepraga sat Jacobsen i den rumenske juryen som utgjorde 50 prosent av dei rumenske røystene i Eurovision Song Contest 2015 i Wien i Austerrike.

Diskografi Album 2009: This Gig Almost Got Me Killed 2010: This Gig Almost Got Me Killed

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ovidiu Cernăuțeanu» frå , den 12. november 2011.

Denne artikkelen bygger på «Ovidiu Cernăuțeanu» frå , den 26. mars 2012.

Kategori:Folk frå Botoșani Kategori:Rumenske songarar Kategori:Norske songarar Kategori:Melodi Grand Prix-deltakarar Kategori:Melodi Grand Prix 2009-deltakarar Kategori:Rumenske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Melodi Grand Prix-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2010-deltakarar Kategori:Selecția Națională 2010-deltakarar Kategori:Melodi Grand Prix 2012-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2014-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2014-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2015-jurymedlemmar Kategori:Rumenske Eurovision Song Contest-jurymedlemmar