Paula Seling () er ein rumensk songar, komponist og radio-DJ.
Selecţia Naţională 1998 14. mars 1998 deltok ho i den rumenske uttakinga til Eurovision Song Contest 1998, Selecţia Naţională 1998, med songen «Te iubesc». Ho enda på fjerdeplass med 565 poeng.
2010 I 2010 var ho med att, denne gongen med Ovi og songen «Playing with Fire» og med Kamara Ghedi og songen «It's Not Too Late». Med Kamara Ghedi enda ho på femteplass med 13 poeng og med Ovi vann ho med 24 poeng. Ho og Ovi fekk dimed representerte Romania i Eurovision Song Contest 2010.
Eurovision Song Contest 2010 Dei starta som nummer ti i den andre semifinalen etter Nederland med «Ik ben verliefd (Sha-la-lie)» av Sieneke og før Slovenia med «Narodnozabavni rock» av Ansambel Roka Žlindre og Kalamari.
Bidraget fekk tolv poeng frå Storbritannia, ti poeng frå Noreg, åtte poeng frå Israel, Danmark, Kypros og Tyrkia, sju poeng frå Sverige, seks poeng frå Litauen og Irland, fem poeng frå Aserbajdsjan, fire poeng frå Armenia, Sveits, Slovenia, Bulgaria og Georgia og tre poeng frå Ukraina og Nederland. Romania fekk til saman 104 poeng og enda på fjerdeplass av totalt 17 bidrag. Dei gjekk dimed vidare til finalen. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget enda på fjerdeplass med 113 poeng og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget enda på åttandeplass med 80 poeng.
Dei starta som nummer 19 i finalen etter Frankrike med «Allez Ola Olé» av Jessy Matador og før Russland med «Lost and Forgotten» av Peter Nalitch and Friends.
Bidraget fekk tolv poeng frå Moldova, ti poeng frå Spania, Noreg, Portugal og Sverige, åtte poeng frå Kypros, Storbritannia, Israel og Danmark, sju poeng frå Aserbajdsjan, Irland og Slovenia, seks poeng frå Serbia og Polen, fem poeng frå Albania, Island, Malta og Nederland, fire poeng frå Hellas og Sveits, tre poeng frå Russland og Latvia, to poeng frå Bosnia-Hercegovina, Tyrkia, Ukraina og Litauen og eitt poeng frå Kviterussland, Armenia og Slovakia. Romania fekk til saman 162 poeng og enda på tredjeplass av totalt 25 bidrag. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget enda på sjetteplass med 155 poeng og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget enda på tredjeplass med 167 poeng.
Diskografi
Album 1998: Only Love 1998: Ştiu că Exist 1998: Colinde şi cântece sfinte 1999: De Dragoste 2001: Mă Voi Întoarce 2001: Ştii ce înseamnă 2001: Prima Selectie 2002: Albumul de Craciun 2003: Fără Sfârşit 2006: De Sărbători 2009: Culeg Vise 2009: Believe 2010: Playing with Fire
Singlar 1998: Ploaie în Luna lui Marte 1998: Te iubesc 2001: Lânga mine 2001: Un băiat şi o fată 2001: Promit 2001: Serile Verii 2003: Timpul 2003: Chip de Inger 2009: Culeg Vise 2009: Believe 2010: Playing With Fire 2011: Counting Down 2011: Calling You (Hello, Hello) 2011: I Feel Free
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Paula Seling» frå , den 12. november 2011.
Kategori:Folk frå Baia Mare Kategori:Rumenske songarar Kategori:Rumenske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2010-deltakarar Kategori:Selecția Națională 2010-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2014-deltakarar