Bad Kissingen er ein større krinsby som ligg nordvest i den tyske delstaten Bayern, nær grensa til Hessen. Byen ligg ved elva Fränkische Saale sør for Rhön-fjella, og er kjend som ein kurbadby. Han har rundt 20 000 innbyggjarar. Han høyrer til i Regierungsbezirk Unterfranken og er hovudsete i Landkreis Bad Kissingen

Byen er kjend for sine helsebringande kjelder, som blei påviste i år 823. Kissingen blei omtala som by fyrste gong i 1279.

Under Main-felttoget i Den austerriksk-prøyssiske krigen i 1866, kjempa preussiske og bayerske troppar mot kvarandre i Slaget ved Bad Kissingen.

Rikskanslar Otto von Bismarck var ein dei meir prominente gjestane ved kurbadet, og han vitja byen fleire gonger (sjå Kissingen-diktatet). I dag har Kissingen difor eit Bismarck-museum.

Bad Kissingen er og kjend for sin årlege musikkfestival Bad Kissinger Sommar.

mini|venstre|Bad Kissingen i 1900.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Bayern