thumb|Kissingen-diktatet Kissingen-diktatet var eit diplomatisk aktstykke om Balkankrisa, skrive av Otto von Bismarck den 15. juni 1877 i Bad Kissingen. Stykket skildrar viktige prinsipp for Bismarck sin utanrikspolitikk.

Bismarck var uroa av fara for ein anti-tysk koalisjon, og skisserte ei ideell målsetjing om å kjempe for «… ikkje ytterlegare landerobringar, men ein politisk totalsituasjon der alle makter utanom Frankrike treng oss, og der dei gjennom sine relasjonar til kvarandre, i den grad det er mogleg, kan avstå frå å inngå koalisjonar mot oss.»Opphavleg tysk tekst: (Das Bild) "einer politischen Gesamtsituation, in welcher alle Mächte außer Frankreich unser bedürfen, und von Koalitionen gegen uns durch ihre Beziehungen zueinander nach Möglichkeit abgehalten werden", I: Die Auswärtige Politik des Deutschen Reiches 1871-1914, edit. Institut für Auswärtige Politik in Hamburg, Vol. 1, Berlin 1928, p. 58f. English translation of the Kissingen Dictation i: Steinberg: Bismarck: A Life, s. 355f

Diktatet inneheldt konseptet for Bismarck sitt diplomatiske program, som seinare blei ein del av røyndomen i tysk alliansepolitikk. Målet var å trygge den prøyssisk-tyske staten si utanrikspolitiske stilling, ut frå ei realistisk innsikt i dei internasjonale styrkeforhalda.

Konkret gjekk Bismarck inn for eit russisk herredøme rundt Svartehavet. Storbritannia skulle halda på Egypt og Det tyske keisarriket var bare opptatt av å halda på status quo.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kissingen-diktatet» frå , den 10. november 2011.

Bakgrunnsstoff Kissingen-diktatet (tekstkjelde)

Kategori:Otto von Bismarck Kategori:1877 Kategori:Balkan Kategori:Tysk historie