Oddvar Saga () var ein norsk skihoppar frå Vegårshei i Aust-Agder. Saga var medlem av Horten Skiklubb. Han var busett i Horten, der han også døydde.
Saga deltok i den tysk-austerrikske hoppveka 1961/62. Han vart nummer tre i opningsrennet i Oberstdorf, bak vinnaren Eino Kirjonen og jugoslaviske Bozo Jemc. Seinare i hoppveka kom han på åttandeplass i Bischofshofen, samanlagt vart han nummer ni og beste nordmann. I 1963 vart han nummer fire og beste nordmann under hopprennet i Lahti.
Plasseringar Besteplasseringar i internasjonale renn 1961/62: Nr 3 i Oberstdorf 1963: Nr 4 i Lahti
Besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1962: Nr 12 i Skien Ski-NM 1963: Nr 6 i Rælingen Ski-NM 1964: Nr 7 på Voss
Kjelder Sporstboken, aktuelle årgangar
Kategori:Norske skihopparar Kategori:Folk frå Vegårshei Kategori:Folk frå Horten