August Leopold Crelle () var ein tysk ingeniør og matematikar. Han vart fødd i Eichwerder i nærleiken av Wriezen i Tyskland, og han døydde i Berlin. Han starta Journal für die reine und angewandte Mathematik (òg kjent som Crelles Journal).
Av yrke var Crelle ingeniør, og han var kjent i Tyskland for å ha konstruert jarnbaner og vegar.Bekken, 2003 Han var òg svært interessert i matematikk, og han vart kjent med Niels Henrik Abel då Abel vitja Berlin. Dei to vart etter kvart gode vener, og Abel publiserte ein stor del av artiklane sine i tidsskriftet til Crelle. Crelle jobba lenge for å skaffe Abel ei fast stilling i Berlin, og etter kvart klarte han òg dette. Brevet med den glade meldinga om fast stilling og ei sikker framtid i Berlin nådde fram nokre få dagar etter at Abel døydde.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «August Leopold Crelle» frå , den 30. oktober 2011. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff O'Connor, John J., og Edmund F. Robertson: «August Leopold Crelle» - MacTutor History of Mathematics archive.
Kategori:Tyske matematikarar Kategori:Folk frå Landkreis Märkisch-Oderland Kategori:Medlemmar av Det prøyssiske vitskapsakademiet Kategori:Medlemmar av Det kongelege svenske vitskapsakademiet Kategori:Matematikarar på 1800-talet Kategori:Niels Henrik Abel