«Lady Samantha» er ein song av Elton John med tekst av Bernie Taupin. Han vart gjeven ut den 17. januar 1969, seks månader før debutalbumet Empty Sky kom ut. Songen vart gjeven ut som bonusspor på dette albumet i 1995.
Den første singelen til Elton John, «I've Been Loving You», gjorde det ikkje bra i Storbritannia. Det gjekk ikkje noko betre med denne, men fekk god omtale av kritikarane. Songen vart spelt ein del på radio, men selde heller dårleg. Det var den siste singelen til John på Philips og den første singelen han gav ut i USA, på DJM, men han selde dårleg òg der. Han vart gjeven ut på ny eitt år seinare, på Congress, men gjekk ikkje på listene den gongen heller.
Songen vart gjeven ut som B-sida på DJM-utgåva av singelen «Rocket Man» i 1972, og igjen på samlealbumet til DJM kalla Lady Samantha i 1980.
Andre versjonar Den amerikanske rockegruppa Three Dog Night spelte inn songen i 1969 på det andre albumet deira Suitable for Framing.
Medverkande Elton John - elektrisk piano, orgel, vokal Caleb Quaye - gitar Tony Murray - bass Roger Pope - trommer
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Lady Samantha» frå , den 25. oktober 2011.
Kategori:Songar frå 1969 Kategori:Singlar frå 1969 Kategori:Elton John-songar Kategori:Psykedeliske songar Kategori:Songar med tekst av Bernie Taupin Kategori:Songar med musikk av Elton John Kategori:Three Dog Night-songar Kategori:Philips Records-singlar Kategori:DJM Records-singlar