«Your Song» er ein ballade av Elton John med tekst av Bernie Taupin frå albumet Elton John i 1970.
Songen vart gjeven ut i USA i oktober 1970 som B-sida til «Take Me to the Pilot». Begge vart spelt på radio, men programleiarane føretrekte «Your Song» og han erstatta «Take Me to the Pilot» som A-sida og gjekk etter kvart inn på lista i både Storbritannia og USA.
Ein demoversjon av songen vart gjeven ut i plateboksen To Be Continued i 1990. Songen har vorte spelt inn av mange andre artistar, mellom andre Ellie Goulding som tok songen til andreplass i Storbritannia i 2010.
Komposisjon «Your Song» er ei mjuk blanding av folk og jazz. Songen er dominert av det Leon Russell-aktige pianoet til John, samt akustisk gitar og strykeakkompagnementet til Paul Buckmaster.
Teksten uttrykket romantiske tankar og er av Allmusic kalla «effektiv og søt»: «So excuse me forgetting but these things I do / You see I've forgotten if they're green or they're blue / Anyway the thing is what I really mean / Yours are the sweetest eyes I've ever seen / And you can tell everybody this is your song / It may be quite simple but now that it's done...»
Songen vart skriven i lag med ein haug andre songar John og Taupin skreiv medan dei budde i lag. Musikken vart skriven den 27. oktober 1969 på berre ti minuttar. Taupin skreiv teksten tidlegare på dagen under frukosten. John kallar songen ein av favorittsongane hans, og spelar han på dei fleste konsertane sine. I eit intervju sa han: «Eg trur ikkje eg har skrive ein like god kjærleikssong sidan.»
Mottaking «Your Song» vart hylla av kritikarane då han kom ut og dei neste åra. Bill Janovitz frå Allmusic skildra han som ein «nær perfekt song». I eit intervju med journalist Pete Hamill for Rolling Stone i 1975 sa John Lennon «eg hugsar då eg høyrte Elton John sin 'Your Song,' høyrde han i Amerika - det var ein av dei første store hittane til Elton - og eg hugsar eg tenkte, 'Flott, det er det første nye som har skjedd etter at vi (The Beatles) skjedde.' Det var eit steg framover. Det var noko med vokalen som var ei forbetring av all engelsk vokal fram til då. Eg var nøgd.» John Mendelsohn frå Rolling Stone kalla songen «ein vakker McCartney-liknande ballade». I 2004 vart songen plassert på 136. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene.
Lister og innverknad Songen vart den første hitten til John. Han nådde 8. plass i USA og 7. plass i Storbritannia. I 2002 spelte John inn songen på ny med operasongaren Alessandro Safina for den første Sport Relief-hendinga og songen nådde då 4. plass i Storbritannia.
Liste (1971)PlasseringNederland10Storbritannia7US Billboard Hot 1008Liste (2002)PlasseringCanada Versjon med Alessandro Safina8Nederland Versjon med Alessandro Safina88Storbritannia Versjon med Alessandro Safina4Liste (2003)PlasseringUS Hot Dance Club Play5Liste (2007)PlasseringNoreg10
Andre versjonar I 2001 song John songen med Billy Joel som ein del av The Concert for New York City etter 11. september-åtaka.
John framførte songen på Concert for Diana den 1. juli 2007. 31. januar 2010 framførte John og Lady Gaga songen som ein medley med Gaga-songen «Speechless» under Grammy Awards-utdelinga.
Andre artistar som har spelt inn songen er mellom andre: Andy Williams – Love Story (1971) Three Dog Night – It Ain't Easy (April 1970 - same månad som han vart gjeven ut av John) Billy Paul – 360 Degrees of Billy Paul (1972) Al Jarreau – Glow (1976) Rod Stewart – Two Rooms: Celebrating the Songs of Elton John & Bernie Taupin (1991) Ewan McGregor framførte songen i 2001 i filmen Moulin Rouge! The Streets – Radio 1 Established 1967 (2007) John Barrowman – både live på Children in Need 2007 med Myleene Klass på piano og i 2007 med albumet Another Side Mattias Andréasson – Det bästa från Idol 2007 (2007) David Benoit – Heroes (2008) Andrew Gold – Copycat (2008) Tina Arena – Songs of Love & Loss 2 (2008) Harry Connick, Jr. – Your-songar (2009) Ellie Goulding – Bright Lights (2010) Will Martin – Inspirations (2010) Patti LaBelle spelte inn songen med Elton John i ein duett på hennar Classic Moments i 2005. I animasjonsfilmen Gnomeo & Juliet syng Gnomeo ein ny versjon av songen med ny tekst som er på filmmusikkalbumet til filmen.
Ellie Goulding-versjonen
Den engelske artisten Ellie Goulding spelte inn «Your Song» for debutalbumet sitt Lights i 2010. Han vart gjeven ut som digital singel i november 2010. Goulding framførte «Your Song» på bryllaupsfesten for til prins William og Catherine Middleton i Buckingham Palace den 29. april 2011. Det vart òg laga ein musikkvideo til songen.
Lister Liste (2010–11)PlasseringDanmark22Irland5Sverige25Sveits56Storbritannia2
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Your Song» frå , den 25. oktober 2011. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1970 Kategori:Singlar frå 1970 Kategori:Singlar frå 2010 Kategori:Elton John-songar Kategori:Popballadar Kategori:Softrocksongar Kategori:Songar med tekst av Bernie Taupin Kategori:Songar med musikk av Elton John 137 Kategori:Ellie Goulding-songar Kategori:Rod Stewart-songar Kategori:Three Dog Night-songar Kategori:Andy Williams-songar Kategori:Cilla Black-songar Kategori:Bobby Goldsboro-songar Kategori:The New Seekers-songar Kategori:Solomon Burke-songar Kategori:Lena Horne-songar Kategori:Billy Paul-songar Kategori:The Osmonds-songar Kategori:Al Jarreau-songar Kategori:Roger Whittaker-songar Kategori:Karel Gott-songar Kategori:Amii Stewart-songar Kategori:Boyzone-songar Kategori:Ewan McGregor-songar Kategori:Tina Arena-songar Kategori:Harry Connick jr.-songar Kategori:Lady Gaga-songar Kategori:Donny Osmond-songar Kategori:Rick Wakeman-songar Kategori:Hugo Montenegro-songar Kategori:Hank Marvin-songar