Bernard John «Bernie» Taupin () er ein engelsk tekstforfattar, diktar og songar, mest kjend for det langvarige samarbeidet med Elton John. Han skreiv tekstane til dei fleste store hittane til John og har skrive fleire av dei mest kjende tekstane i poprock-historia.
I 1967 svarte Taupin på ei annonse i den engelske musikkavisa New Musical Express som søkte nye låtskrivarar. Om lag samstundes sende Elton John inn musikk han hadde laga til avisa, og paret vart ført saman, og har samarbeidd på mange prosjekt sidan.Bernie Taupin Biography Songwriters Hall of Fame
Etter å ha laga meir enn 100 låtar saman vert dei rekna for eit av dei største låtskrivarpara nokon sinne, i lag med Lennon/McCartney, Burt Bacharach/Hal David og Mick Jagger/Keith Richards.
Nokre av dei mest kjende tekstane til Taupin er «Daniel» (1973), «Your Song» (1970), «Sacrifice» (1989), «Candle in the Wind» (1973 & 1997), «Sorry Seems to Be the Hardest Word» (1976), «Rocket Man» (1972) og «Goodbye Yellow Brick Road» (1973).
Utgjevingar som soloartist Soloalbum 1971 Taupin 1980 He Who Rides The Tiger 1987 Tribe
Med Farm Dogs 1996 Last Stand in Open Country 1998 Immigrant Sons
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bernie Taupin» frå , og «Bernie Taupin» frå den 25. oktober 2011. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Elton John Kategori:Engelske diktarar frå 1900-talet Kategori:Engelske låtskrivarar Kategori:Folk frå Lincolnshire