Barrie James «B.J.» Wilson () var ein engelsk trommeslagar som mellom anna spelte i Procol Harum.

Wilson er mest kjend som trommeslagar for Procol Harum, men han spelte ikkje på den første hitten deira, «A Whiter Shade of Pale», men kom inn i gruppa kort tid etter. Sjølv om han ikkje er like kjend som andre store trommeslagarar i sin generasjon, vert han ofte trekt fram som ein av dei største i rockemusikken, og vart stemd fram som den beste trommeslagaren i dei populære musikkundersøkingane til Playboy tidleg i 1970-åra. Han avslo eit tilbod frå Jimmy Page og Robert Plant om å verte den første trommeslagaren i Led Zeppelin.

Etter Procol Harum vart oppløyst i 1977 spelte Wilson i lag med Frankie Miller og Joe Cocker. Han spelte òg trommer på Cocker-hitten «With a Little Help from My Friends» frå 1968. Andre artistar Wilson har spelt med er AC/DC og han spelte trommer på filmmusikkalbumet til The Rocky Horror Picture Show.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «B.J. Wilson» frå , den 4. oktober 2011. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Engelske trommeslagarar Kategori:Procol Harum-medlemmar Kategori:Musikarar frå London