Bruce Alan Beutler (), er ein USA-amerikansk lækjar og vinnar av nobelprisen i medisin for 2011.

Beutler er fødd i Chicago i Illinois, men har butt lenge i Sør-California. Han fekk doktorgrad i medisin i 1981 ved University of Chicago, 23 år gamal. Som lækjar er han mest kjend for å ha studert medfødd immunitet og såkalla Toll-like receptors, noko han også fekk nobelprisen for saman med Jules A. Hoffmann og den då avdøde Ralph M. Steinman. I tillegg til nobelprisen har Beutler fått ei lang rekkje andre prisar for arbeidet sitt.

Kjelder

Denne artikkelen byggjer på «Bruce A. Beutler» frå , den 4. oktober 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:USA-amerikanske legar Kategori:USA-amerikanske biologar Kategori:Nobelprisvinnarar frå USA Kategori:Jødiske nobelprisvinnarar Kategori:Folk frå Chicago Kategori:Nobelprisen i medisin