Vernier er ein kommune i kantonen Genève i Sveits. Kommunen har innbyggjarar () og eit areal på . Kommunesenteret ligg 440 meter over havet. Kommunen grensar i aust til byen Genève. Elva Rhone dannar sørgrensa til kommunen.

Vernier er ein forstad til Genève, frå kommunen er det fem kilometer til bysentrum i Genève. Til franskegrensa er det 3–4 km i nordvestleg retning.

Europas største bustadbygning ligg i Vernier. Ho er 980 meter lang, og vart bygt i 1960-åra. På det meste hyste bygningen 10 000 menneske, i dag bur der om lag 5 500 personar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Vernier, Switzerland» frå , den 1. oktober 2011.

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad (fransk) http://www.sig-ge.ch/

Kategori:Kommunar i Genève Kategori:Byar i Sveits