Rollsbottskorka (eller Rollsbotnskorkja, Rollsbotnskorka) er eit fjell i Møre og Romsdal. Det ligg mellom Tresfjorden i Vestnes kommune i nord, Jasvollbotnen i Fjord kommune i sør, og hovuddalføret Stordalen i aust. Enklaste rutene til toppen går opp frå Jasvollbotnen, men det er kortare å gå opp frå nordsida. Dit kjem ein enten ein startar frå Øvstedalen i Tresfjorden eller frå Øverøye i Stordalen. Eit bratt parti ved toppen kan vere utsett. Frå nord og vest ser Rollsbotnskorkja spiss og bratt ut, frå søraust får fjellet ei meir runda form. Om fjellnamnet; sjå Heimste Skorkja.

Kjelder www.westcoastpeaks.com fjellinordvest.no

Kategori:Geografi i Vestnes Kategori:Fjell i Fjord Kategori:Fjell på Sunnmøre Kategori:Fjell i Romsdal