Matthew Fontaine Maury () var ein amerikansk sjøoffiser, hydrograf, astronom, historikar, oseanograf, meteorolog, kartograf, forfattar, geolog og lærar. Han er vorte kalla «faren til den moderne oseanografien» og skreiv mellom anna Physical Geography of the Sea i 1855, den første omfattande boka om oseanografi.

Han vart leiar for sjøkartarkivet, ein institusjon som utvikla seg til U. S. Naval Observatory og Hydrographic Office. Maury samla inn opplysningar om vind og straum frå loggbøker, og arbeidet hans innan meteorologi vart internasjonalt respektert. Han gav mellom anna ut kart over vind og straumar for Nord-Atlanteren, som gjorde at sjømenn kunne redusere reisetida over havet.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Matthew Fontaine Maury» frå , den 8. september 2011.

Kategori:USA-amerikanske astronomar Kategori:USA-amerikanske geografar Kategori:USA-amerikanske oseanografar Kategori:USA-amerikanske meteorologar Kategori:USA-amerikanske sakprosaforfattarar Kategori:Folk frå den amerikanske borgarkrigen