Scripps Institution of Oceanography (stundom berre kalla Scripps Oceanography eller Scripps) er eit av dei eldste og største sentera for havforsking og utdanning innan geovitskap og oseanografi i verda. Senteret held til i La Jolla i California. Hundrevis av forskarar har gjort vitskapleg arbeid med forskingsfartøya og laboratoria til instituttet. Det offentlege utforskingssenteret ved instituttet er Birch Aquarium.
Det vart grunnlagd i 1904 som eit privat biologisk institutt og i 1912 overført til Universitetet i Californa. Det noverande namnet fekk det i 1925. Professor Harald Ulrik Sverdrup var den tredje direktøren ved instituttet, frå 1936 til 1948.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Scripps Institution of Oceanography» frå , den 8. september 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Forskingsinstitutt i USA Kategori:Havforskingsinstitutt Kategori:Universitetet i California