Glenfield er administrasjonsbyen i Leicestershire i England. Byen er ein forstad til Leicester, men høyrer til distriktet Blaby. Han har omkring 10 000 innbyggjarar. Byen har som verdsleg sokn òg eit visst sjølvstyre innanfor distriktet.
Byen ligg omkring 5 km vest for Leicester, ved motorvegen M1. Det meste av bygga er moderne, frå mellom 1920 og 1960. Sidan har òg ein ny bydel blitt anlagt på ein tidlegare golfbane. Byen er vertskap for grevskapsadministrasjonen, brann- og redningstenesta i grevskapet og Glenfield sjukehus.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Glenfield (England)» frå , den 17. juli 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Leicestershire