Louth er ein marknadsby i Lincolnshire i England. Han er kjend som «hovudstaden i Lincolnshire Wolds», og ligg på staden der den eldgamle vegen Barton Street kryssar elva Lud.
Store delar av sentrum består av teglbygningar frå 1600- og 1700-talet. Soknekyrkja St. James kyrkje har eit nitti meter høgt spir, som skal vere det høgaste på noko soknekyrkje i Storbritannia, og det nest høgaste etter Salisburykatedralen.
Den 29. mai 1920 vart byen råka av ein storflaum som medførte tjue dødsfall. Ein finn fleire steinplakettar rundt om i byen som viser kor høgt vatnet stod.
Historisk er byen mest kjend som staden der Lincolnshireopprøret, den første fasen av Nådens pilegrimsferd, braut ut hausten 1536.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Louth (Lincolnshire)» frå , den 17. juli 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Lincolnshire