Appleby (kalla Appleby-in-Westmorland for å skilje han frå andre byar med same namn) er ein by i Cumbria i England. Han var administrasjonsby for Westmorland inntil dette grevskapet vart ein del av Cumbria i 1974. Han er blant dei minste stadane i England med bystatus.
Hovudnæringsvegen er turisme, sidan byen ligg i vakre omgjevnader nær Lake District nasjonalpark. Ein av dei viktigaste lokale attraksjonar er Appleby slott, der lady Anne Clifford budde på 1600-talet. I seinare år har slottet ikkje vore tilgjengeleg for publikum, noko som har ført til ein nedgang i mengder turistar.
Utanom turisme er mange sysselsett i landbruket, medan andre pendlar til omkringliggande byar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Appleby-in-Westmorland» frå , den 15. juli 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Cumbria