Melbourne er ein marknadsby i Derbyshire i England. I 1837 vart Melbourne i Australia kalla opp etter statsministeren William Lamb, 2. vicomte Melbourne som har namnet sitt frå Melbourne Hall i Melbourne.
Historie Namnet Melbourne kjem frå «mill stream». Det vart oppført i Domesday Book som Mileburne. Ei soknekyrkje vart bygd i Melbourne rundt 1120.
I 1311 forskansa Robert de Holand krongodset i Melbourne som etter det vart kjent som Melbourne Castle sjølv om festningane aldri vart fullført. Tidleg på 1600-talet var borga i så dårleg forfatning at han vart riven. Ruinane etter borga er framleis synlege.
Kjende personar tilknytte Melbourne Thomas Cook, reisebyrågrunnleggar, fødd i Melbourne i 1808. William Lamb, 2. vicomte Melbourne, statsminister 1834 og frå 1835 til 1841.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Melbourne i Derbyshire» frå , den 15. juli 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Derbyshire