Oskestrupemaursmett (Herpsilochmus parkeri) er ein liten maursmett i maurfuglfamilien. Han har eit særs avgrensa leveområde i nedfallsområdet til Rio Mayo, ei sideelv til Huallaga i Moyobamba-provinsen, San Martín-regionen, Peru.

Fjørdrakta til hannfuglar i hovudsak lys grå med ei svart krone og svarte venger med eit kvitt band og kvite flekker. Hoa har gulbrunt i hovud, strupe og bryst. Oskestrupemaursmetten er 12 centimeter i lengd.

Den første prøven av denne arten vart samla i 1983, og i 1986 vart han skildra første gongen.Davis & O'Neill Oskestrupemaursmetten har status sårbar (VU) hos Birdlife International.

Kjelder

Første utgåve av artikkelen byggjer på «Ash-throated Antwren» frå , den 5. juli 2011 Davis, T. J., O’Neill, J. P, A new species of antwren (Formicariidae: Herpsilochmus) from Peru, with comments on the systematics of other members of the genus Wilson Bulletin Vol.98, No.3 (Sept 1986). Lest 5. juli 2011

Referansar

Bakgrunnsstoff

kategori:Maurfuglfamilien Kategori:Fuglar endemiske for Peru Kategori:Fuglar i andesregionen