Skjeggmaursmett, Myrmotherula ignota, er ein liten fugl i maurfuglfamilien mykje lik dvergmaursmett. Skjeggmaursmett har jamvel mindre tendens til å delta i fleirartsflokkar enn dvergmaursmett, som ofte beitar parvis.

I dag er det vanleg å skildre to allopatriske underartar. M. ignota ignota er den nordvestre forma og lever frå austre Panama i nord gjennom vestre Colombia til nordvestre Ecuador. M. ignota obscura er den søraustre forma, frå sørlege, sentrale og austre Colombia til nordaustre Peru og vestre del av Amazonas i Brasil. Underartane har tidvis vore rekna som sjølvstendige artar med dei engelske namna Griscom's Antwren og Short-billed Antwren. Førstnemnte underart er ca. ein centimeter kortare enn dvergmaursmettRidgeley og Greenfield, side 402 og kan vere den minste av alle maurfuglar.

Skildring Skjeggmaursmetten er 7,5 til 8 cm lang. Han er ein liten fugl med svært kort stjert. Vaksne hannar har den karakteristiske breie svarte «skjegglina», eit svart band gjennom auget, og kvite kinn. Hovudet, ryggen, overgumpen og stjerten er svarte med tynne kvite striper. Undersida har gul farge som går over til kvitt på bryst og strupe. Hoene har meir gulbrunt i staden for kvitt på hovud, strupe og bryst.

Skjeggmaursmetten lever hovudsakleg i trekroner og underkroner i låglands eviggrøn skog. Nominatforma finst òg i eldre sekundærskog. I Amazonasbassenget finst dei både i terra firme (ikkje-fløymd skog) og várzea (overfløymd regnskogbotn). I alle område føretrekk han skogkantar, opningar laga av falne tre, og kantar langs vassdrag. Han lever generelt i lågtliggande område, høgaste registrerte førekomst er 1100 meter over havnivå i Panama.

Skjeggmaursmetten et leddyr, særleg insekt, men òg edderkoppar. Han leitar som oftast etter føde åleine, i par eller i familiegrupper, og kan stundom vere del av fleirartsflokkar. Han leitar i midtre og øvre delar av skogen, vanlegvis mellom 10 og 40 meter over bakken. Han søkjer aktivt etter bytte langs tynne greiner og slyngplanter, og plukkar frå lauv, greiner og mose. Av og til flaksar han frå ein sitjeplass for å fange bytte i lufta eller ved å sveve nær lauvverket.

Songen til skjeggmaursmetten er «ei akselererande rekkje med korte tonar som stig og så fell i tonehøgd og styrke». Lokkeropet er «ein kort, ujamn, fallande fløytelyd». Kjelder

Denne artikkelen var delvis baset på «Moustached antwren» frå , den 4. mai 2025 Ridgeley, Robert S. Paul J. Greenfield, The Birds of Ecuador vol II Christopher Helm London (2001) ISBN 0-7136-6117-8

Referansar

Bakgrunnsstoff

kategori:Maurfuglfamilien Kategori:Fuglar i Mellom-Amerika Kategori:Fuglar i regnskogen i Amazonas Kategori:Fuglar i Brasil Kategori:Fuglar i Colombia Kategori:Fuglar i Ecuador Kategori:Fuglar i Peru