Slaget ved Vigobukta, òg kjend som slaget ved Rande var eit sjøslag utkjempa den 23. oktober 1702 under dei første åra av den spanske arvefølgjekrigen. Krigshandlinga kom til etter eit engelsk-nederlandsk forsøk på å ta den spanske hamnebyen Cádiz i september i eit forsøk på sikre seg ein marinebase på Den iberiske halvøya. frå denne stasjonen håpte dei allierte å drive operasjonar i det vestlege Middelhavet, særleg mot franskmennene i Toulon. Dette forsøket vart mislukka, men då admiral George Rooke var på veg heimover tidleg i oktober, fekk han meldingar om at den spanske sølvflåten frå Amerika, lasta med sølv og varer, hadde nådd Vigobukta nord i Spania. Rook valde å gå til åtak med ein gong.

Krigshandlinga vart ein overveldande suksess for dei allierte: heile den franske eskorteflåten under Château-Renault, i lag med dei spanske gallionane og transportskipa under Manuel de Velasco vart anten kapra eller øydelagde. Fordi det meste av skatten hadde vorte lossa før åtaket, fekk ikkje Rooke tak i størsteparten av sølvlasta. Likevel var sigeren ein stor oppmuntring for dei allierte og var medverkande til å overtale den portugisiske kongen Peter II til å gå bort frå den tidlegare avtalen sin med franskmennene og verte medlem av Storalliansen.

Bakgrunn

Då den bourbonske Filip V tok over den spanske trona i 1700, hadde han møtt lite motstand i Spania, bortset frå katalanarane som tradisjonelt var lojale til habsburgarane.Roger: The Command of the Ocean: A Naval History of Britain 1649–1815, s. 164 I det spansk-amerikanske imperiet hadde embetsmenn og kolonistar gjort motstand mot dei franske forsøka på å ta over handelen deira. Nederlandske og engelske handelsmenn - sjølv om dei offisielt var ulovlege - vart aksepterte av spanjolane, men i Karibia, vart det vekt stor mistanke over at dei franske admiralane hadde kome over for å «verne» det spanske sølvet på veg heim til Europa.Roger: The Command of the Ocean: A Naval History of Britain 1649–1815, s. 165 Den første franske skvadronen segla i april 1701 under Marquis de Coëtlogon, men dei spanske guvernørane ville ikkje ein gong la han få kjøpe proviant, så han reiste heim att tomhendt. Sidan den spanske marinen var såpass svak, så hadde ikkje styresmaktene i Madrid noko anna val enn å stole på at dei franske krigsskipa eksorterte dei. Det vart gjort stor innsats for at flåten gjekk til lands i Spania og ikkje Frankrike, der dei frykta at han aldri ville kome ut att frå.

Sjøfelttoget i 1702 gjekk derfor føre seg i to fjerntliggande krigsskodeplassar i Amerika og Spania, knytt i lag av den spanske sølvflåten som kryssa Atlanteren. Den amerikanske krigsskodeplassen vart hugsa for admiral Benbow uavbrotne slag i august utanfor Santa Marta.Trevelyan: England Under Queen Anne: Blenheim, s. 249 Royal Navy heldt seg derimot hovudsakleg utanfor den spanske kysten i Europa.Trevelyan: England Under Queen Anne: Blenheim, s. 259 Under leiarskapen til kong Vilhelm III, hadde Dei maritime maktene - England og Dei sameinte Nederlanda – bestemt seg for å ein strategi i Middelhavet for den allierte flåten, ein plan som vart følgd vidare under etterfølgjarane til Vilhelm, som døydde i mars 1702. Ein håpte at denne strategien ville oppmuntre Portugal til å bli med i alliansen, opne Gibraltarsundet og sikre engelsk sjømakt i Middelhavet. Deira allierte, austerrikarane, prøvde òg å få eit fotfeste i Middelhavet for å assistere dei å oppnå det grunnleggande målet sitt, å erobre dei spanske provinsane i Italia. For å klare dette skulle den engelsk-nederlandske flåten først erobra ei hamn på Den iberiske halvøya som skipa deira kunne operere ut frå. Dei allierte prøvde derfor, leia av admiral George Rooke, å erobre den sørspanske hamnebyen Cádiz og i same slag rive bort den transatlantiske handelen til spanjolane.

Opptak Sølvflåten frå Amerika Den 11. juni 1702 forlet den spanske sølvflåten Ny-Spania frå Veracruz eskortert av ein fransk skvadron kommandert av admiral Château-Renault. Dei spanske fartøya vart kommandert av Manuel de Velasco i den armerte gallionen hans, «Capitana de Barlovento», eit av tre skip som utgjorde Armada de Barlovento som skulle verne flåten. Heile konvoien nådde Havanna den 7. juli, før dei sette av stad over Atlanteren den 24. juli.Kamen: Bulletin of the Institute of Historical Research: The Destruction of the Spanish Silver Fleet at Vigo in 1702, s. 166 Flåten bestod av 56 fartøy: 22 var spanske og resten franske, inklduert fleire handelsfartøy, som mot slutten av reisa hadde segla for Frankrike så snart dei var sikre på at tryggleiken deira vart ivaretatt over Atlanteren.

Då Château-Renault hadde segla mot Karibia i 1701 hadde ikkje krigen mellom Frankrike og Dei maritime maktene starta enno, emn konvoien fekk sidan meldingar om at krigen var i gang og om blokaden til Rooke av Cádiz, der sølvflåten vanlegvis segla til frå Amerika. Det var derfor klart at dei trong ei ny hamn. Valesco tenkte på den vesle hamnebyen Los Pasajes, men Château-Renault ønskte heller Brest eller La Rochelle, eller til og med Lisboa. Dei kom fram til eit kompromiss og 23. september nådde den fransk-spanske flåten Vigobukta i Galicia. Dei vart derimot forseinkinga med lossinga av lasta. Heile det administrative apparatet (inspektørar, taktsmenn, kongelege embetsmenn, osv) var i Sevilla og Cádiz, og dei måtte venta på desse før dei kunne setje noko på land. Då lossinga omsider starta fann ein ut at ein mangla transportmidlar for å frakte varene vidare. Som følgje av dette vart sølvet prioritert, og dette vart derfor lossa først og sendt innover i landet til Lugo.Kamen: Bulletin of the Institute of Historical Research: The Destruction of the Spanish Silver Fleet at Vigo in 1702, s. 167

venstre|mini|Admiral George Rooke (1650–1709) av Michael Dahl.

Alliert forfølging Midtvegs ut i oktober fekk dei engelske styresmaktene vite om at spanjolane hadde nådd Vigobukta, og sende med ein gong meldingar for å leite ette Rook og admiral Cloudesley Shovell. Sistnemnde hadde segla med skvadronen sin utanfor Ushant.Le Fevre & Harding: Precursors of Nelson: British Admirals of the Eighteenth Century, s. 87 Rooke var no på veg heimover etter det mislukka toktet mot Cádiz, som hadde gått gale på grunn av dårleg disiplin og dårleg samhandling. Rooke fekk vite om den spanske konvoien frå eit av hans eigne skip - kaptein Thomas Hardy på «Pembroke», som hadde vorte verande att i den portugisiske hamnebyen Lagos. Skipspresten på «Pembroke», ein mann frå Jersey, hadde fått vite om dette frå ein skrytande fransk konsul om at sølvflåten var i hamna. Hardry sette til sjøs og nådde Rooke att den 17. oktober, akkurat i tide før han kryssa Biscayabukta.Trevelyan: England Under Queen Anne: Blenheim, s. 268

Rooke sende skip for å utforske munningen av Vigobukta. Eit landgangsparti hadde henta informasjon frå ein fanga munk om at kong Filip sin del av skatte alt var frakta i land, men at mykje av rikdomen framleis var ombord på dei spanske skipa.

Slaget mini|Slaget ved Vigo Bay 1702. Festningsmuren kring Vigo står om lag halvvegs ned i bukta.

Kvelden den 22. oktober gjekk den engelsk-nederlandske flåten inn i Ria de Vigo og segla forbi to fort ved byen Vigo, som skaut mot dei då dei passerte. Inst i bukta låg den franske flåten og den spanske sølvflåten i hamna i Redondela, omgjeve av dei galiciske fjella. Château-Renault tok leiinga av forsvaret og blokkerte den smale inngangen, over Rande-sundet, med tjukk tømmerbom. nordenden av bommen var det eit kanonbatteri som i følgje journalen til Rooke bestod av 15-16 kanonar. I sørenden låg Fort Rande litt oppfor sjøen og bestod av eit sterkt steintårn med platformer for kanonar. Mellom tårnet og vasskanten låg det ein forsterka inngjerding, og i botn låg det eit batteri som overvaka sunda. Totalt hadde festningesverka ved Rande meir enn 30 kanonar. For å støtte dei franske soldatane på flåten, vart det heva fleire barrikadar av prinsen av Barbanzon, guvernør og generalkaptein i Galicia.

Ombord på «Royal Sovereign» diskuterte eit alliert råd om korleis dei skulle angripe. Planen var å øydeleggje bommen med engelske og nederlandske skip, medan soldatar frå flåten øydela forsvarsverka på land. Slaget kom ikkje til å verte eit vanleg linjeslag, sidan det ikkje var plass nok i Vigobukta til det, så Rooke måtte tilpasse taktikken sin til situasjonen..Symcox: War, Diplomacy, and Imperialism: 1618–1763, s. 226

Bommen mini|Slaget ved Vigobukta. ukjend

Tidleg om morgonen den 23. oktober, leia viseadmiral Thomas Hopsonn i HMS «Torbay» åtaket på bommen, tett følgd av ein sterk skvadron av engelske skip, og nederlandske fartøy under viseadmiral Van der Goes.Trevelyan: England Under Queen Anne: Blenheim, s. 270 Nær kvar ende av bommen hadde Château-Renault fortøydd to av dei største krigsskipa sine: «Bourbon» og «Esperance». Innanfor bommen låg fem andre krigsskip fortøydd med breisidene mot inngangen.

Samstundes hadde Ormonde med om lag 2 000 mann gått i land nær Teis og marsjerte mot Fort Rande. Ormonde sendte Lord Shannon med baktroppen av grenaderar for å angripe stillinga, forsvart av fleire hundre soldatar. Muren rundt den ytre avdelinga vart storma, og batteriet som vendte mot sjøen vart øydelagd i tide til skipa kunne bryte bommen. Tårnet, som var forsvart av kring 300 fransk-spanske soldatar, heldt ut noko lenger, men òg dette fall til dei allierte grenaderane. Då kanonane på sørsida var øydelagde byrja åtaket til Ormonde og «Association» med 90 kanonar gjekk til åtak og tok batteriet på nordsida av bukta.

«Torbay» hadde vinden på si side og rende inn i bommen, som brast, og skipa strøymde gjennom og inn til den franske skvadronen bakom. Vinden forsvann derimot brått, slik at andre allierte fartøy ikkje kunne kome etter. Hopsonn var derfor ei stund i undertal. Det vart lagt eit brannskip ved sidan av Torbay og sett i brann. Heldigvis for Hopsonn, så hadde spanjolane etterlate seg utbrente veke frå Karibia, og eksploderte brått. Ei stor røyksky dekte det engelske fartøyet og delar av brannen sløkte slik at mannskapet fekk kontroll over dei gjenverande flammane.Trevelyan: England Under Queen Anne: Blenheim, s. 271 I følgje Rooke drukna 53 mann i hendinga, men då vinden igjen tok seg opp, klarte dei allierte skipa å kome seg forbi bommen og inn til fienden.

Utan bommen og forta på sidene, hadde ikkje den fransk-spanske flåten mykje å stille opp med. Dei ytte lite motstand, og mennene til Château-Renault sette skipa sine i brann i hamna, før dei søkte tilflukt på land. Dei allierte sjømennene arbeidde natta gjennom for å redde utbyttet, og om morgonen var det ikkje eit einaste fransk eller spansk fartøy som ikkje anten hadde vorte kapra eller øydelagd..

Etterverknad Tap og gevinst Vigobukta var ein stor katastrofe for franskmennene:Lynn: The Wars of Louis XIV: 1667–1714, s. 277 av 15 linjeskip, to fregattar og eitt brannskip, kom ikkje eit einaste fartøy seg unna.Kamen: Bulletin of the Institute of Historical Research: The Destruction of the Spanish Silver Fleet at Vigo in 1702, s. 168 Fem skip vart kapra av engelskmennene og eit anna av nederlendarane. Resten vart brende, anten av dei allierte eller franskmennene sjølve. Det gjekk like dårleg med spanjolane: av tre gallionar og 13 handelsfartøy i flåten, vart alle øydelagde, bortsett frå fem som vart teken av dei allierte (minst tre av dei av engelskmennene). Den 24. oktober var det heile over og det som var igjen av skip og festningsverk vart øydelagde av skvadronen til admiral Shovell den 27. oktober. Tapa til den spanske marinen gjorde at dei var totalt avhengig av den franske marinen for å oppretthalde kommunikasjonen med Amerika.Roger: The Command of the Ocean: A Naval History of Britain 1649–1815, s.166