Ferdinand, comte de Marsin (eller Marchin) () var ein fransk general og diplomat, som var marskalk av Frankrike.

Liv og virke Han var fødd i Liège som son av John Gaspar Ferdinand de Marchin, Comte de Granville og Marie de Balzac d'Entragues.

Marsin tente i Flandern og vart skadd i slaget ved Fleurus i 1690. Han tok del i slaget ved Neerwinden og omleiringa av Charleroi.

I 1701–1702 var han fransk ambassadør i Spania.

I den spanske arvefølgjekrigen var han til stades ved slaget ved Luzzara. Han vart marskalk i 1703, etter slaget ved Speyerbach. I 1704 vart han slått i slaget ved Blenheim, i lag med Tallard, og vart dødeleg skadd under slaget ved Torino. Han vart sett i fengsel i same by og døydde nokre få dagar seinare.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ferdinand de Marsin» frå , den 22. mai 2011. oppgav desse kjeldene: Biography of Ferdinand comte de Marchin

Bakgrunnsstoff

Kategori:Folk frå Liège Kategori:Franske marskalkar Kategori:Franskmenn i niårskrigen Kategori:Franskmenn i den spanske arvefølgjekrigen