Lars Bjarne Marøy () var ein norsk skribent og målmann. Marøy var medarbeidar i bladet Vestmannen, der han seinare tok over som bladstyrar (frå 2000 til 2002). Frå 2002 tok han til å skriva i bladet Målmannen, som han gav ut saman med Olav Torheim. Han var leiar for Vestlandske Mållag i ein tiårsperiode (1994-2004), og ein pådrivar for revitaliseringa av høgnorskrørsla på 1990-talet. Marøy har skrive eit hopetal med målpolitiske artiklar som er vortne publiserte i Vestmannen, Målmannen og på høgnorskportalen sambandet.no.

Kjelder

Vestmannen nr. 8 1991, nr. 2 2000 og nr. 2 2002. http://sambandet.no/maalmannen/

Kategori:Målfolk