Ambient 1: Music for Airports er eit ambient-album av Brian Eno frå¨1978.

Oversyn Music for Airports var det første av fire album Eno gav ut i «Ambient»-serien, eit uttrykk han skapte for å skilje den minimalistiske tilnærmingsmåten til songane på dette albumet og produkt frå «dei forskjellige leverandørane av musikk på boks».Brian Eno, september 1978, from the liner notes of Music for Airports

Liknande roleg, smålåten musikk hadde vore gjeve ut på album som Evening Star, Discreet Music, Music for Films og Harold Budd sitt The Pavilion of Dreams (som han produserte), men på dette albumet vart konseptet teke heilt ut.

Musikken vart utforma for å kunne spelast som ein kontinuerleg lydinstallasjon, med målet om å avdramatisere den spente, nervøse atmosfæren på ein flyplassterminal. Eno fekk denne ideen då han sat fast på Köln Bonn flyplass i Tyskland på midten av 70-talet. Han måtte vente i fleire timar og var særs irritert over den uinspirerte lydatmosfæren.Harriet Baskas, Better branding through music: Original airport theme songs, USA Today, 12-March-2008

Musikken vart nytta på Marine Air Terminal på LaGuardia Airport i New York.

Alle songane vart komponerte av Eno, bortsett frå «1/1», som vart skriven av Eno, tidlegare Soft Machine-trommeslagar og vokalist Robert Wyatt og Rhett Davies.

Innhald

Medverkande Synthesizer, piano, gitar, bass – Brian Eno Vokal – Christa Fast, Christine Gomez, Inge Zeininger Akustisk piano – Robert Wyatt

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ambient 1: Music for Airports» frå , den 23. april 2011. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Brian Eno-album Kategori:Musikkalbum frå 1978 Kategori:Album produserte av Brian Eno