Ægirin er eit mørkegrønt mineral som finst i langprismatiske krystallar. Det er eit pyroksenmineral med den kjemiske formelen NaFeSi2O6. Det vart først skildra i 1835 etter eit funn i Rundmyr i Øvre Eiker i Buskerud. Mineralet er kalla opp etter Ægir, den norrøne havguden.
Ein brunfarga varietet av mineralet vert kalla akmitt.
I Noreg Mineralet er ein viktig bestanddel i fleire av dei vulkanske bergartane i Oslofeltet (nordmarkitt, ekeritt, groruditt, nefelinsyenitt) og finst òg i ein del av bergartane i Fensfeltet. Store krystallar er kjend frå nefelinsyenittpegmatittar ved Langesundsfjorden.
Galleri
Kjelder Ægirin i Store norske leksikon, snl.no
Bakgrunnsstoff
Kategori:Inosilikat Kategori:Natriummineral Kategori:Jernmineral Kategori:Monokline mineral