mini|Nagashibina feira i shintotempelet Saga-jinja. Nagashibina eller joushi no sekku er ei japansk høgtid på den tredje dagen i den tredje månaden (no 3. mars) der ein sender dokker av strå eller papir avgarde på elver i stråbåtar. Dokkene er meinte å frakta vekk vonde ånder. Skikken er i stor grad forsvunnen i dagens Japan, der ein i staden feirar dokkehøgtida hinamatsuri, men blir feira lokalt nokre stader.

Nagashibina har røter til ein gammal kinesisk tradisjon kalla taqing, og kom til Japan under Heiantida (794-1191). Skikken er nemnd i den japanske klassikaren Soga om Genji frå 1000-talet, der hovudpersonen Genji prøver å bli av med uroa si gjennom eit nagashibina-ritual.

I Tottori prefektur feirar ein framleis nagashibina med enkle papirdokker. Shimogamo-tempelet ved Kyoto markerer også høgtida i elvene Takano og Kamo.

Kjelder

Kategori:Dokker Kategori:Japanske høgtider Kategori:Vårfestar