«Hot Dog» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin frå In Through the Out Door i 1979. Det er den einaste songen på albumet der John Paul Jones ikkje er medlåtskrivar. Det er ein lystig melodi gjort som ein country-låt med Elvis Presley-liknande vokal av songaren Robert Plant.

Oversyn Songen var påverka av amerikansk rockabilly-musikk. Han dukka opp i London under øvingane der, då det var vanleg for dei å spele gjennom gamle Elvis og Ricky Nelson-songar frå 1950-åra.Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9. Elvis hadde faktisk ein song kalla «Hot Dog» som han framførte i filmen Loving You i 1957.

Teksten omhandlar ei jente i Texas som «stal hjarta mitt» og kan ha vore basert på ei verkeleg jente i livet til Plant, men han kalla det ei hyllest til Texas og sinntilstanden deira.

«Hot Dog» vart spela på konsertar av Led Zeppelin i 1979 og 1980.

Songen vart òg gjeven ut som B-side til singelen «Fool in the Rain».

Medverkande Robert Plant - vokal Jimmy Page - gitarar John Paul Jones - bassgitar, klaverinstrument John Bonham - trommer

Andre versjonar 1993: Dread Zeppelin (Hot & Spicy Beanburger) 1996: Ritual Device & Killdozer ("When the Levee Breaks" CD singel) 2002: Shawn Amos (In Between) 2002: Clumsy Lovers (Under the Covers)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Hot Dog (song)» frå , den 27. mars 2011. oppgav desse kjeldene: Lewis, Dave (2004) The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, ISBN 0-7119-3528-9 Welch, Chris (1998) Led Zeppelin: Dazed and Confused: The Stories Behind Every Song, ISBN 1-56025-818-7

Kategori:Led Zeppelin-songar Kategori:Songar frå 1979 Kategori:Songar skrivne av John Paul Jones Kategori:Songar skrivne av Robert Plant