«Hey Hey What Can I Do» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin gjeven ut som B-sida til «Immigrant Song» i 1970. Det er den einaste songen Led Zeppelin gav ut medan bandet eksisterte som ikkje kom ut på eit album. Han vart derimot gjeven ut på samleplata The New Age of Atlantic med forskjellige artistar i Storbritannia i 1972, der singelen ikkje vart gjeven ut. Songen vart sidan gjeven ut i plateboksen Led Zeppelin i 1990 og i 1993 vart han gjeven ut på The Complete Studio Recordings, ei samling på 10 CD-ar, og som eit av fire bonusspor på ei utgåve av Coda.
Medverkande Robert Plant - vokal Jimmy Page - mandolin, gitarar John Paul Jones - bassgitar, akustisk gitar John Bonham - trommer
Andre versjonar
Fleire andre band har òg spelt inn songen:
Jimmy Page og The Black Crowes spela songen under turneen deira i 2000 og dette kom ut på albumet Live at the Greek. The Hold Steady Hootie & the Blowfish Dread Zeppelin Robert Plant spela songen på turneen sin i lag med Alison Krauss i april og mai 2008. Weinland
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hey Hey What Can I Do» frå , den 27. mars 2011. oppgav desse kjeldene: Led Zeppelin: Dazed and Confused: The Stories Behind Every Song, by Chris Welch, ISBN 1-56025-818-7 The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, by Dave Lewis, ISBN 0-7119-3528-9
Kategori:Led Zeppelin-songar Kategori:Jimmy Page-songar Kategori:Robert Plant-songar Kategori:John Paul Jones-songar Kategori:John Bonham-songar Kategori:Songar frå 1970