< 800-talet > var hundreåret frå 800 til 899.

Oversyn Amerika Mayasivilisasjonen tok til å svekkast av ukjende årsaker.

Afrika 800-909: Aghlabidane styrte eit uavhengig kongedøme i Nord-Afrika. Kongeriket Takrur blei grunnlagd i Senegal. Igbo-Ukwu-sivilisasjonen utvikla seg i Nigeria. Det kristne kongedømet Nubia hadde si stordomstid. Berbarar konverterte til islam. Muslimske handelsfolk slo seg ned langs kystane av Madagaskar.

Asia Taoistiske alkymistar i Kina oppdaga krutet. Hadith, utsegnene og gjerningane til Muhammed i følgje tradisjonen, blei samla.

Europa mini|Vikingskip tok vikingar rundt i Europa. 815-915: Arabarar herja kystane rundt Adriahavet og Tyrrenhavet. 850-875: Dei første norske innvandrarane slo seg ned på Island. 863-879: Skisma mellom Aust- og Vestkyrkja. Vikingar tok til å herja Europa. Mange menneske blei drepne og store verdiar blei plyndra eller øydelagde. Beowulf kan ha blitt nedskrive dette eller føre hundreåret. Osebergskipet blei hauglagt. Madjarar kom inn i dagens Ungarn og fortrengde serbarane og bulgararane der til sørsida av Donau. I Italia blei nokre byar sjølvstendige republikkar, til dømes Forlì i 889.

Viktige personar Karl den store (742–814) Ludvig den fromme (778–840) Adi Sjankara (788–820, uvisse datoar) Alfred den store (ca. 849–899) Arnulf av Kärnten (850–899)

08