mini|upright=1.5|Den austlege halvkula ved byrjinga av 700-talet.

< 700-talet > var hundreåret frå 700 til 799.

Dette hundreåret fekk muslimske arabarar raskt herredøme langs kysten av Nord-Afrika og på Pyrenéhalvøya. Umayyadekalifatet sin ekspansjon vestover blei stoppa av Austromarriekt ved omleiringa av Konstantinopel i 718 og av frankarane ved slaget ved Tours i 732. Bølgja av arabiske erobringar enda rundt midten av hundreåretRoberts, J., History of the World, Penguin, 1994.

I Europa tok vikingtida til då skandinaviske vikingar tok til å herja europeiske kystområde og middelhavslanda. Dei grunnla også fleire viktige rike.

I Asia blei Palariket grunnlagd i Bengal. Tang-dynastiet nådde eit høgdepunkt under keisar Xuanzong. Naratida byrja i Japan.

Oversyn Amerika Byrjing av jordbruk aust i noverande Canada. Dei første byane voks fram ved Mississippi. Tiahuanaco-sivilisasjonen i noverande Peru og Bolivia.

Asia På den indonesiske øya Java blei det bygd hindutempel tileigna Sjiva på Dieng-platået medan det buddhistiske Borobdur-tempelet blei reist sentralt på øya. Sørkysten av noverande Vietnam, då ein del av Khmerriket, blei plyndra av indonesiske styrkar frå Java og andre indonesiske øyar.

Viktige personar Beda den ærverdige Karl den store Pipin den yngre

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «VIIIe siècle» frå , den 29. januar 2008.

07