Lars Grorud () er ein norsk fotballspelar som frå 2011-sesongen spelar for Brann. Grorud sin posisjon på banen er i forsvar, og han blir rekna som ein kompromisslaus og fysisk sterk forsvarar.

Før han gjekk til Brann, spelte han i 2008 og 2009 for Sogndal. Han har tidlegare også spelt for Eik-Tønsberg og FK Tønsberg. 15. september 2010 blei det offentleggjort at han hadde signert for Brann. Grorud skreiv under ein avtale som strekkjer seg frå 2011 til og med 2013. Han debuterte for Brann som innbytar i den tredje serierunden i 2011-sesongen, heime mot Fredrikstad 9. april 2011. I 2011-sesongen fekk han ganske mykje speletid, med 21 seriekampar inkludert dei som innbytar.

Fotnotar

Bakgrunnsstoff SogndalFotball.no – Grorud sin spelarprofil hjå Sogndal NIFS.no – Grorud sin spelarprofil hjå Norsk & Internasjonal Fotballstatistikk

Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Eik-Tønsberg-spelarar Kategori:Sogndal-spelarar Kategori:Brann-spelarar Kategori:Folk frå Tønsberg