Gabriel Nicolás Mezquida Sero () er ein uruguayansk fotballspelar, som i 2011 spelte i angrep for Peñarol i toppdivisjonen i Uruguay. Vårsesongen 2011 var han på lån hjå Brann i den norske eliteserien.
Mezquida begynte karrieren sin i Peñarol, der han vart teken opp på førstelaget i 2008-sesongen.Nicolás Mezquida at noticiasmanyas.com 22. januar 2009 skreiv han under på ein intensjonsavtale med den tyske klubben Schalke 04,Schalke Sign Striker Nicolás Mezquida men heldt fram å spela for Peñarol.en&u=http://www.espectador.com.uy/1v4_contenido.php%3Fid%3D142100%26sts%3D1&prev=/language_tools&usg=ALkJrhg4aRqINKfqS312nFrRYWUb26X2eA Juvenil de Peñarol al Schalke 04 Mezquida har vore på prøvespel hjå Schalke. Før 2011-sesongen gjekk han på lån til Brann i Noreg. Låneavtalen varte til 1. august 2011.Brann sine nettsider , henta 19. mars 2011 Han debuterte i Tippeligaen for Brann som innbytar i opningskampen i 2011-sesongen, heime mot Rosenborg 20. mars 2011. I juni 2011 sa Brann-trenaren, Rune Skarsfjord, seg svært nøgd med Mezquida, sjølv om han vart hemma i vårsesongen av ein skade som sette han ut av spel i mai og starten på juni.«Juninho reiste hjem til Brasil» i Bergens Tidende 15. juni 2011. Då låneavtalen gjekk ut, vende Mezquida likevel attende til heimlandet. Skarsfjord sa då at avgjerda vart teken av sportslege grunnar.«Mezquida sendes hjem» i BT 13. juli 2011 Mezquida fekk ingen tippeligakampar frå start for Brann, men kom inn som innbytar tre gonger, og skåra dessutan to mål i ein cupkamp mot Tertnes.
Mezquida har spelt landskampar for Uruguay på U-15- og U-17-nivå.
Fotnotar
Kategori:Brann-spelarar Kategori:Uruguayanske fotballspelarar