Morten Ågheim ()Dødsannonse var ein norsk tidlegare skihoppar frå Åga i Rana kommune. Han vart noregsmeister i normal bakke i 1999.

Karriere Ågheim debuterte i verdscupen i november 1997 på Lillehammer. Sesongen etter var han mellom dei aller beste skihopparane i Noreg, og gjorde enkelte sterke prestasjonar i verdscupen. Hans beste plassering i verdscupen kom då i Harrachov 20. desember 1998, ein 4. plass i stor bakke. Seinare i sesongen vart han samanlagd nummer 13 i den tysk-austerrikske hoppveka og var med på det norske laget som vart nummer 6 i laghoppinga under VM i Ramsau. Han vart noregsmeister då han vann tevlinga i normalbakken på Raufoss, med klar margin til sølvgutane Roar Ljøkelsøy og Christian Meyer. I 2000-sesongen vann Ågheim sølv i begge bakkane under NM-renna, begge gongane bak Lasse Ottesen. I internasjonale tevlingar makta han ikkje lengre å hevde seg. Han la opp 2002. Ågheim budde i Mo i Rana.

Besteplasseringar i internasjonale renn 1998: Nr 16 i Planica 1998/99: Nr 4 i Harrachov 1999/2000: Nr 15 i Val di Fiemme 2001: Nr 28 i Trondheim

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1998: Nr 4 i normalbakken i Trondheim Ski-NM 1999: Gullmedalje i normalbakken på Raufoss Ski-NM 2000: Sølvmedalje både i normalbakken på Vang og i storbakken i Meldal Ski-NM 2001: Nr 6 i storbakken i Trondheim Ski-NM 2002: Nr 7 i normalbakken i Høydalsmo

Kjelder

Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff Morten Ågheim i fis-ski.com

Kategori:Norske skihopparar Kategori:Folk frå Rana