mini|Asbjørn Ruud.

Asbjørn Ruud () var ein skihoppar frå Kongsberg, og yngre bror til Birger og Sigmund. Dei var alle medlemer av Kongsberg IF.

Karriere Ruud overraska med å vinne verdsmeisterskapen 1938 i spesielt hopprenn i Lahti. Med 226,4 pong var han 0,3 poeng føre Stanislaw Marusarz frå Polen med landsmannen Hilmar Myhra på bronseplassen. I den fyrste sesongen etter verdskrigen, 1946, vann han både noregsmeisterskapen og Holmenkollrennet. Olympiaåret 1948 vart han på ny noregsmeister og var ein av dei fire norske hopparane som deltok i vinter-OL 1948 i St. Moritz, der han kom på sjetteplassen. Ruud vart same året tildelt Holmenkollmedaljen.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn 1938: Gullmedalje i hopprennet under verdsmeisterskapen i Lahti 1939: Nr 7 i Holmenkollen 1946: Siger i Holmenkollen 1947: Nr 3 i Holmenkollen 1948: Nr 6 i OL i St. Moritz 1951: Nr 7 i Holmenkollen

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1946: Gullmedalje i Drammen Ski-NM 1947: Nr 4 i Tistedalen Ski-NM 1948: Gullmedalje på Lillehammer Ski-NM 1949: Nr 6 Ski-NM 1952: Nr 10 i Porsgrunn

Ruud arbeidde i yngre år i ei sportsforretning på Kongsberg. Seinare flytta han til Oslo, der han dreiv sportsforretning saman med brørne Øyvind og Sigmund Ruud. Asbjørn Ruud var gift med symjaren Berit Haugen.

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar

Denne artikkelen bygger på «Asbjørn Ruud» frå , den 6. mars 2011.

Bakgrunnsstoff Da Asbjørn Ruud vant i Bergensbakken, Historien om en hoppbakke Artikkel om Asbjørn Ruud i Store norske leksikon

Kategori:Norske skihopparar Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1948 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1948 Kategori:Vinnarar av Holmenkollmedaljen Kategori:Folk frå Kongsberg