Arve Vorvik () er ein norsk, tidlegare skihoppar som representerte Byåsen IL. Vorvik har tre individuelle medaljar i NM og fem medaljar frå laghopp. Han vart noregsmeister i normalbakken i Marikollen i 1995, med klar margin til sølvvinnaren Øyvind Berg og Espen Bredesen på bronseplass. Sidan tok Vorvik sølv i normalbakken i Stryn i 1996 og normalbakken i Mo i Rana i 1997. I lag-NM var han med å vinne gull i 1995, 1997 og 1998, og sølv i 1994 og 1996, alle for Sør-Trøndelag.

Karriere Vorvik debuterte i verdscupen med 40. plass i storbakken på Lillehammer i februar 1995. Beste tevlinga hans i verdscupen i Iron Mountain i februar 1996 enda med ein åttandeplass.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn 1995: Nr 28 i storbakken under Ski-VM i 1995 i Thunder Bay 1996: Nr 8 i Iron Mountain 1997: Nr 20 i Engelberg

I lagkonkurransen under Ski-VM 1995 var han på det norske laget som vart nummer 7 av 11 lag.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1994: Nr 9 i normalbakken i Vegårshei Ski-NM 1995: Gullmedalje i normalbakken i Rælingen Ski-NM 1996: Sølvmedalje i normalbakken i Stryn Ski-NM 1997: Sølvmedalje i normalbakken i Mo i Rana Ski-NM 1998: Nr 6 i storbakken i Meldal

Kjelder Arne Thoresen: Lengst gjennom lufta. Versal Forlag, Oslo 2007. ISBN 978-82-8188-030-6. s. 334-341

Bakgrunnsstoff Arve Vorvik (kalla Arne Vorvik) i fis-ski.com

Kategori:Norske skihopparar