Førkveld var eit norsk underhaldningsprogram som blei sendt på NRK1 frå 2010 til 2012. Det gjekk kvar måndag til fredag klokka 18. Programmet blei produsert av NRK Hordaland og send frå Bergen. Det hadde premiere 4. januar 2010, og tok då over den tidlegare sendetida til Barne-TV, som blei flytta til NRK Super. Programmet blei i løpet av åra leia av Øyvor Bakke, Hilde Hummelvoll, Caroline Bækkelund Hauge og Bård Ose, Halvor Folgerø, Anette Evensen og Stian Barsnes-Simonsen. I tillegg bidrog Atle Nielsen, Viggo Valle og Gøril Grov Sørdal med quiz.

Førkveld hadde eit gjennomsnittleg sjåartal på mellom 150 000 og 200 000.

Kjelder Delar av denne artikkelen bygger på «Førkveld» frå , den 3. desember 2016. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Norske fjernsynsprogram Kategori:Fjernsynsseriar frå 2010-åra Kategori:Skipingar i 2010 Kategori:Nedleggingar i 2012