Et lite stykke Thailand er ein norsk dokumentarserie om thailandske kvinner og dei norske familiane deira. Serien fekk prisen for beste dokusåpe under Gullruten 2008.

Handlinga er sentrert rundt Vestnes kommune i Romsdal og gir innsyn i liva til dei thailandske kvinnene og korleis familiane deira lever. Det synest å vere ein aukande trend at norske menn finn seg koner i utlandet, og serien tek tak i mytar og fordommar rundt temaet. Deltakarane ynskjer å bryte ned desse, og vise at positiv integrering er mogleg. Fleire familiar kjem frå Tresfjord noko som har gitt bygda kallenamnet «Thaifjord».

I 2011 blei det laga ein ny sesong av serien. Denne sesongen følgde dei same para som den fyrste sesongen, i tillegg til tre nye par. Sesong 2 blei lansert på Litteraturhuset i Oslo, med inkluderingsministeren Tora Aasland som gjest.

Kjelder

Kategori:Norske fjernsynsprogram Kategori:Fjernsynsseriar frå 2000-åra Kategori:Vestnes kommune