mini|Kunstindustrimuseet i St. Olavs gate i Oslo er frå 1903. Statens håndverks- og kunstindustriskole (SHKS) var fram til 2010 del av same bygningen, men med inngang mot Ullevålsveien. Statens håndverks- og kunstindustriskole, forkorta SHKS, er ein tidlegare kunstfagleg høgskule i Oslo, som frå 1996 vart organisert som ein del av Kunsthøgskolen i Oslo. Sommaren 2003 vart denne avdelinga av Kunsthøgskolen delt i to einingar: Fakultet for visuell kunst og Fakultet for design. Skulen tilbyr utdanning innan faga farge, teikning, form, grafisk design og illustrasjon, radér og litografi, tekstil, klede og kostyme, møbel- og innreiingsarkitektur, metall og keramikk. Hausten 2010 vart verksemmda flytt frå lokala skulen opphavleg hadde i Ullevålsveien 5 til dei lokala Kunsthøgskolen har fått i den tidlegare Seglduksfabrikken på Grünerløkka, der heile verksemda til Kunsthøgskolen i Oslo no er samla.
Historie Statens håndverks- og kunstindustriskole vart skipa i 1818 og spelte ei stor rolle for kunstmiljøet i Noreg på 1800-talet, ikkje berre på grunn av undervisninga, men også gjennom utstillingar, rådgjeving og andre aktivitetar knytt til faget. Skulen har framfor alt hatt mykje å seie for utdanninga av kunsthandverkarar.
Opphavleg heitte skulen Den foreløbige Tegneskole, men fekk i 1822 namnet Den kongelige Tegne- og Kunstskole i Christiania, til dagleg berre Teikneskulen. I 1869 vart namnet forenkla til Den kongelige tegneskole og endeleg Statens håndverks- og kunstindustriskole i 1911. Vanlegvis vart skulen berre kalla Kunst- og handverksskulen. Skulen vart høgskule frå 1981.
I 1904 fekk Statens håndverks- og kunstindustriskole sitt eige bygg saman med Kunstindustrimuseet i Oslo i krysset mellom Ullevålsveien og St. Olavs gate på Hammersborg i det som no er den administrative bydelen St. Hanshaugen. Bygningen vart reist på den dåverande Brandts løkke etter at Kristiania kommune (Oslo kommune) i 1896 hadde vedteke å oppføra ein ny og høveleg bygning for museet og skulen. I 1897 vart det utlyst ein arkitektkonkurranse, og mellom 14 bidrag vart den då 26 år gamle arkitekten Adolf Bredo Greve utkåra til vinner. Rett nok fekk Greve hjelp hjå den meir erfarne Ingvar Hjort. Skulen fekk den delen av bygningen som hadde adressa Ullevålsveien 5 og hovudinngang frå denne gata, og Kunstindustrimuseet fekk adressa St. Olavs gate 1 og hovudinngang her. Medan verksemda i lokala til Statens håndverks- og kunstindustriskole vart avslutta i 2010 og overført til Kunsthøgskolen i Oslo på Grünerløkka, og lokala deretter ombygde til ein ordinær vidaregåande skule (Edvard Munch videregående skole, opna i 2015), har Kunstindustrimuseet framleis tilhald i sin del av bygningen.
Litteratur
Hope, Marith. 1993. SHKS : kunst & design i 175 år. Oslo: SHKS. ISBN 82-7038-034-2 Magnussen, Ragnhild. 2004. Historien om et hus 1903-2003. Oslo: SHKS. ISBN 82-7038-205-1
Kjende elever Størstedelen av norske teiknarar, kunsthandverkarar og designerar har fått den faglege grunnutdanninga si ved Teikneskulen eller Kunst- og handverksskulen i Oslo. Før skular som Statens kunstakademi (1909); NTH (1910) og Arkitekthøgskulen (1961) kom til, galdt dette også for dei fleste biletkunstnarane, arkitektane og andre. I kvart studentkull er det difor fleire namn som seinare har vorte kjende kunstnarar, eller forfattarar etc. Oversikta her syner berre eit lite utval. Personane er ordna etter fødselsår.
Biletkunstnarar Thomas Fearnley (1802–1842), målar Peder Balke (1804–87), målar Hans Hansen (1820-1858), bilethoggar Johan Fredrik Eckersberg (1822–1870), målar Hans Fredrik Gude (1825-1903), målar Lars Hertervig (1830–1902), målar Jacob Wilhelm Nordan 1824–1892, arkitekt Gerhard Munthe (1849–1929), målar og teiknar Eilif Peterssen (1852-), målar og teiknar Christian Krohg (1852–1925), målar og forfattar Erik Werenskiold (1855–1938), målar og teiknar Gustav Wentzel (1859–1927), målar Edvard Munch (1863–1944), målar og grafikar Thorolf Holmboe (1866-1935), målar, illustratør og designer Oluf Wold-Torne (1867-1919), målar Othar Holmboe (1868-1928), målar og illustratør Severin Grande (1869-1934), målar Ludvig Karsten (1876–1926), målar Halfdan Egedius (1877–1899), målar Wilhelm Rasmussen (1879-1965), bilethoggar Henrik Sørensen (1882-1962), målar Axel Revold (1887-1962), målar Halvard Hatlen (1899-1957), målar Anne Grimdalen (1899-1961), bilethoggar Erling Enger (1899–1990), målar Dyre Vaa (1903-1980), bilethoggar Olav Halse (1903–1981), målar Chrix Dahl (1906–1994), grafikar og teiknar Kai Fjell (1907–1989), målar, grafikar og scenograf Kaare Espolin Johnson (1907-1994), biletkunstnar og illustratør Ferdinand Finne (1910–1999), grafikar og forfattar Borghild Rud (1910–1999), teiknar Olav Mosebekk, (1910–2001), teiknar og målar Bendik Riis (1911–1988), teiknar og målar Gunnvor Advocaat (1912–1997), målar Guy Krohg (1917–1998), målar Hans Nordeng (1918-1991), målar Ørnulf Ranheimsæter (1919-), teiknar og grafikar Victor Sparre (1919-), målar og glaskunstnar Ludvig Eikaas (1920-), målar og grafikar Carl Nesjar (1920-), biletkunstnar Omar Andréen (1922–), teiknar og grafikar Kåre Tveter (1922-), målar Fritz Røed (1928-2002), bilethoggar Haakon Bleken (1929–), målar Bjørg Lødøen (1931-2009), biletkunstnar Iver Jåks (1932–), samisk kunstnar Kjartan Slettemark (1932–), biletkunstnar Per Ung (1933-), bilethoggar og grafikar Rolf Aamot (1934-), biletkunstnar, filmregissør, dramaturg Dagny Hald (1936-2001), keramikar Hans Normann Dahl, (1937–), målar, teiknar og grafikar Guttorm Guttormsgaard (1938–), grafikar Jan Baker (1939-), biletkunstnar Bjørn Ransve (1944-), målar Tore Hansen, målar og grafikar Åke Berg (1946-), målar og grafikar Wenche Øyen (1946-), målar og illustratør Alf Ertsland (1946-), målar Angelina Engelsen (1948-), bilethoggarBrukskunstnarar, illustratørar, arkitektar og andre Christian H. Grosch (1801-1865), arkitekt Olaf Gulbransson (1873–1958), teiknar og illustratør Arthur David-Andersen (1875-1970), gullsmed Einar Oscar Schou (1877-1966), arkitekt Arnstein Arneberg (1882–1961), arkitekt Andreas Bjercke (1883–1967), arkitekt Sverre Pettersen (1884-1959), teiknar og kunsthandverkar Gerhard Fischer (1890-1977), arkitekt og arkeolog Nora Gulbrandsen (1894-1978), formgjevar Hallvard Trætteberg (1898-1987), heraldikar Sigrun Berg (1901-1982), vevar og tekstildesignar Ragnar Grimsrud (1902-1988), keramikar og formgjevar Knut Knutsen (1903-1969), arkitekt Kaare Bratung (1906-1985), teikneserieskapar Benny Motzfeldt (1909-1995), kunsthandverkar Thorbjørn Egner (1912-1990), forfattar, visediktar og teiknar Fredrik Henrik Stabel (1914–2001), avisteiknar og skribent Grete Prytz Kittelsen (1917–2010) formgjevar, gullsmed og brukskunstnar Ulf Aas (1918–), illustratør Kari Nyquist (1918–), keramikar Salo Grenning (Pedro) (1918–1986), avisteiknar Dagfinn Instanes (1919-1998), biletkunstnar og keramikar Bjørn Engø (1920-1981), interiørarkitekt og emaljekunstnar Kjell Aukrust (1920–2002), forfattar og illustratør Eystein Sandnes (1924-2006), formgjevar Geir Grung (1926-1989), arkitekt Odd Børretzen (1926–), forfattar Severin Brørby (1932-2001), glaskunstnar Arild Nyquist (1937–2004), forfattar Didrik Hvoslef-Eide (1937-), arkitekt Finn Graff (1938–), avisteiknar Per Spook (1939–), moteskapar Vivian Zahl Olsen (1942–), illustratør Inge Grødum (1943–), avisteiknar Torill Thorstad Hauger (1943-), forfattar og biletkunstnar Kjersti Scheen (1943-), forfattar og illustratør Ellen Auensen (1944–), teiknar Fam Ekman (1946-), biletkunstnar, illustratør og forfattar Harald Nordberg (1949–), illustratør Viggo Ree (1950-), teiknar og rovdyrekspert Nina Malterud (1951–), keramikar Egil Haraldsen (1952-), grafisk designer InkaLill (1957-), teikneserieskapar Hilde Kramer (1960-), illustratør Akin Düzakin (1961-), illustratør Svein og Egil Nyhus (1962–), illustratørar Christopher Nielsen (1963–), teikneserieskapar John Arne Sæterøy (Jason) (1965–), teikneserieskapar Siri Dokken (1966–), illustratør Anita Killi (1968–), animatør
Kjelder Artikkelen er omsett frå Bokmålswikipedia om Statens håndverks- og kunstindustrihøgskole, henta inn 31. januar 2011.
Bakgrunnsstoff Kunsthøgskolen i Oslo
Kategori:Utdanning i Oslo Kategori:Tidlegare høgskular i Noreg Kategori:Skipingar i 1818 Kategori:Kunsthøgskolen i Oslo