Geir Holte () er ein tidlegare norsk langrennsløpar frå Hokksund i Buskerud. Hans beste renn i verdscupen i langrenn i Kavgolovo i januar 1988 enda med ein fjerdeplass på 30 km. Han fekk sjeldan sjansen til å representere Noreg under dei store internasjonale meisterskapane. Beste resultat var ein 18. plass på tremila under Ski-VM 1985 i Seefeld. I noregsmeisterskap vann han tre sølvmedaljar, 1984, 1986 og 1989, to av dei på femmila og ei på tremila. Holte vann 50-kilometeren i Holmenkollen i 1985, ei tevling som ikkje talde med i verdscupen, såleis mangla mange av dei fremste langrennsløparane på startstreken. Han var då den første i verda som gjekk ei femmil utan festesmurning. Tor Håkon Holte er ein eldre bror.
Plasseringar Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn 1983: Nr 8 på 50 km i Oslo 1984: Nr 6 på 30 km i Falun 1985: Nr 5 på 30 km i Falun 1985/86: Nr 13 på 30 km både i Bibawik og La Bresse 1987: Nr 15 på 50 km i Holmenkollen 1988: Nr 4 på 30 km i Kavgolovo
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1980: Nr 8 på både tremila i Asker og femmila på Vingrom Ski-NM 1981: Nr 6 på 30 km på Eidsvoll Ski-NM 1982: Nr 5 på 50 km i Trondheim Ski-NM 1983: Nr 5 på både 15 km og på 50 km på Lillehammer Ski-NM 1984: Sølvmedalje på 50 km i Hof Ski-NM 1985: Nr 6 på 30 km i Tromsø Ski-NM 1986: Sølvmedalje på 30 km i Vang Ski-NM 1988: Nr 5 på 30 km i Vang Ski-NM 1989: Sølvmedalje på 50 km på Geilo Ski-NM 1990: Nr 6 på 15 km på Gjøvik
Han vart noregsmeister i stafett (3 x 10 km) tre år på rad for Hokksund Idrettslag, 1984 med broren Tor Håkon Holte og Oddvin Bakkene, 1985 med Tor Håkon Holte og Arild Monsen og 1986 med Tor Håkon Holte og Oddvin Bakkene.
Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar
Bakgrunnsstoff Geir Holte i fis-ski.com
Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1984 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1984 Kategori:Folk frå Øvre Eiker