mini|Kart over europeiske kulturhovudstader Europeisk kulturhovudstad vart skipa i 1985 etter eit initiativ frå den greske kulturministaren Melina Mercouri i eit møte 13. juni 1985 blant kulturmenistrane i EU. Formålet med ein europeisk kulturhovudstad skal vere å bringe folkesetnaden i Europa saman. EU utpeikar kulturhovedstad på bakgrunn av ein anbefaling frå Kommisjonen og synspunkt frå EU-parlamentet. Frå 2005 er det lagt til grunn eit rotasjonssystem slik at kvart medlemsland har høve til å fremje kandidatane sine eit bestemt år. I tillegg kan europeiske ikkje-medlemsland framme kandidatar, slik at det kan bli inntil to kulturhovudstader kvart år. Bergen var kulturhovudstad i 2000 og Stavanger/Sandnes var det i 2008. For 2024 er det Bodø i Nordland som er blitt tildelt tittelen, saman med Tartu og Bad Ischl.
Europeiske kulturhovudstader
+ Tidlegare kulturhovudstader År Stad 1985 Aten 1986 Firenze 1987 Amsterdam 1988 Vest-Berlin 1989 Paris 1990 Glasgow 1991 Dublin 1992 Madrid 1993 Antwerpen 1994 Lisboa 1995 Luxembourg 1996 København 1997 Thessaloníki 1998 Stockholm 1999 Weimar 2000 Avignon Bergen Bologna Brussel Helsingfors Kraków Reykjavík Praha Santiago de Compostela 2001 Porto Rotterdam 2002 Brugge Salamanca 2003 Graz 2004 Genova Lille 2005 Cork 2006 Pátra 2007 Luxembourg Sibiu 2008 Liverpool Stavanger/Sandnes 2009 Vilnius 2010 Essen Pécs Istanbul 2011 Åbo Tallinn 2012 Guimarães Maribor 2013 Marseille Košice 2014 Umeå Riga 2015 Mons Plzeň 2016 San Sebastián Wrocław 2017 Aarhus Pafos 2018 Leeuwarden Valletta 2019 Matera Plovdiv 2020-2021 Rijeka Galway 2022 Kaunas Esch-sur-Alzette Novi Sad 2023 Veszprém Timișoara Elevsína 2024 Bodø Bad Ischl Tartu 2025 /, Nova Gorica/Gorizia Chemnitz
Kategori:Skipingar i 1985