«I Believe in You» er ein dansepopsong framført av den australske songaren Kylie Minogue og skriven av Minogue, Jake Shears og Babydaddy. Han fekk ei samla positiv mottaking frå kritikarar då han vart utgjeven som den første singelen frå det andre samlealbumet til Minogue, Ultimate Kylie, i desember 2004. Singelen nådde andreplassen i Storbritannia og sjetteplassen i Australia.

Inspirasjon og innspeling «I Believe in You» er ein fengjande discokjærleikssong som nyttar synthesizer og tangentfjøl. Teksten i songen skildrar korleis ho ikkje trur på noko anna enn den ho elskar. Songen blei skriven og spelt inn sommaren 2004 i London, og hentar inspirasjon frå disco, new wave og elektronisk musikk frå 1980-talet.

Komposisjon Songen opnar med ein rytme og melodi på tangentfjøl som går att gjennom heile songen. I refrenget syng Minogue høgare tonar med strykarar og rytmen i bakgrunnen.

Utgjeving og listeplasseringar «I Believe in You» kom ut 6. desember 2004 i Storbritannia og nådde andreplassen på UK Singles Chart. I Australia nådde songen sjetteplassen på ARIA Charts og vart sertifisert til gull i 2005. I dei fleste europeiske landa var songen ein Topp 10-hit på singellistene. I USA kom han ikkje opp på Billboard Hot 100, men nådde tredjeplassen på Billboard Hot Dance Club Play-liste. I New Zealand nådde songen 38. plassen, og så etter to veker 29. plassen, før han fall ut etter fem veker.

Musikkvideo Videoen viser Minogue i eit studio fylt med fargerike neonlys. Det er fire ulike sekvensar, dei to første finn stad i ein stor sfære omslutta av neonlys, den tredje viser Minogue som dansar framfor kvervlande fargar av lys, og sluttscenen viser dansarar iført opplyste kostyme i ulike fargar. Mot slutten av videoen blir dei fire scenane vist tett saman, og Minogue i den andre sfæren iført same klede og med same frisyre som i den første sekvensen.

Format og sporliste

Britisk CD 1 «I Believe in You» – 3:21 «B.P.M.» – 4:07

Britisk CD 2 «I Believe in You» – 3:21 «I Believe in You» (Mylo Vocal Mix) – 6:02 «I Believe in You» (Skylark Mix) – 7:57 «I Believe in You» (Video)

Europeisk CD 1 «I Believe in You» – 3:21 «B.P.M.» – 4:07

Europeisk CD 2 «I Believe in You» – 3:21 «I Believe in You» (Mylo Vocal Mix) – 6:02 «I Believe in You» (Skylark Mix) – 7:57 «I Believe in You» (Video)

Australsk CD «I Believe in You» – 3:21 «B.P.M.» – 4:07 «I Believe in You» (Mylo Vocal Mix) – 6:02 «I Believe in You» (Skylark Mix) – 7:57 «I Believe in You» (Video)

Topplisteplasseringar Toppliste (2004)ListeplasseringAustralia (ARIA Charts)6Austerrike (Ö3 Austria Top 40)4Belgia (Ultratop Flandern)13Belgia (Ultratop Vallonia)20Danmark (Tracklisten)2Europa (European Hot 100 Singles)14Finland (Suomen virallinen lista)20Frankrike (SNEP)35Tyskland (Media Control Charts)12Ungarn (Mahasz)5Irland (Irish Singles Chart)9Italia (FIMI)11Nederland (Mega Single Top 100)14New Zealand (RIANZ)29Noreg (VG-lista)13Spania (PROMUSICAE)5Sveits (Schweizer Hitparade)6Sverige (Sverigetopplistan)16Storbritannia (UK Singles Chart)2USA (Hot Dance Club Songs)3

Kjelder Denne artikkelen bygger på «I Believe in You» frå og «I Believe in You» frå , den 23. januar 2011. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Den offisielle nettsida for Kylie Minogue Songteksten på MetroLyrics

Kategori:Kylie Minogue-songar Kategori:Songar frå 2004 Kategori:Singlar frå 2004 Kategori:Songar skrivne av Kylie Minogue