Travelogue er eit dobbeltalbum frå 2002 av Joni Mitchell der ho har spelt inn fleire av songane sine frå heile karrieren på nytt med fullt orkester. Albumet er ein oppfølgjar til Both Sides Now frå 2000, som var i eit liknande format. Då albumet kom ut annonserte Mitchell at det kom til å bli hennar siste album, men ho gav likevel ut eit nytt album i 2007.

Vince Mendoza arrangerte songane for orkester. Han vann Grammyprisen i 2004 for beste instrumentale arrangement som akkompagnement for vokalist for arrangementet hans av «Woodstock».

I desember 2007 hadde albumet seld 72 000 eksemplar i USA.

Innhald

Medverkande Joni Mitchell - vokal Larry Klein - bass, musikalsk rettleiing Herbie Hancock - piano Billy Preston - Hammond B3 orgel Chuck Berghofer - kontrabass Paulinho Da Costa - perkusjon Brian Blade - trommer Wayne Shorter - sopransaksofon Plas Johnson - tenorsaksofon Kenny Wheeler - valthorn Gavyn Wright - orkesterleiar Vince Mendoza - dirigent, arrangement

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Travelogue (Joni Mitchell album)» frå , den 21. januar 2011.

Kategori:Musikkalbum frå 2002 Kategori:Joni Mitchell-album Kategori:Album produserte av Larry Klein Kategori:Nonesuch Records-album