Kristin Janette Skogheim () er ein norsk skodespelar, komikar og programleiar på TV 2.

Ho er kjent som medlem av komikertrioen Melonas. Skogheim forfatta manuset til novellefilmen Nora i Ekko av Ibsen-serien, som vart vist på NRK våren 2006. I tillegg skal ho skrive manuset til ein ny barneserie på NRK, som vart filma hausten 2008.

Ho vart tilsett i TV 2 i november 2007. Her har ho vore programleiar for I de beste familier og dessutan Skogheims på TV 2. For Skogheims vann ho klassa beste kvinnelege programleiaren under Gullruten 2009.

Skogheim kjem opphavleg frå Seljord, men er i dag busett i Oslo. Kristin Skogheim var i 1998–1999 gift med Kristopher Schau og er no gift med Lars Gudmestad.

Utover hausten 2009 var òg ho blant anna med i konkurransen Camp Senkveld i programmet Senkveld med Thomas og Harald på TV2.

I 2010 var Kristin Skogheim programleiar for Skogheim flytter inn på TV 2.

Filmar 2001: Amatørene (Helles syster) 2001: Ingenmannsland (Linn) 2002: Folk flest bor i Kina - Heimat (Marion) 2005: Ønskebrønnen (Ingrid, Rasmus mor) 2005: Pitbullterje (Astrid, Jims mor) 2006: De 7 dødssyndene - Grådighet 2008: Kurt blir grusom (stemme) 2010: Asfaltenglene (Abrahamsen)

TV-seriar 1996: Offshore (Solveig Dokken Bjerke) 1999: TvTv (Eirin Sædberg) 2001: Fox Grønland (Marianne Mikkelsen) 2002 - 2006: Melonas (diverse rollar) 2009: STorsdag kveld fra Nydalen (diverse rollar) 2009: Den store klassefesten (pytagoras damer)

Deltaking 2000: Helt privat (programleiar) 2005: Guru (seg sjølv) 2006: Golden Goal (gjest) 2006: 9 av 10 nordmenn (gjestedeltakar) 2008: I de beste familier (programleiar) 2008: Vil du bli millionær? (medhjelpar) 2008: Torsdagsklubben (gjest) 2009: Manshow (gjest) 2009: Senkveld med Thomas og Harald (gjest) 2009: Nytt på nytt (gjest) 2009: Skogheims (programleiar) 2009: Fredag (gjest) 2010: TV 2s Artistgalla (programleiar) 2010: Skogheim flytter inn (programleiar) 2010: Lurt av Karlsen (seg sjølv)

Kategori:Norske programleiarar Kategori:Programleiarar for TV2 Kategori:Folk frå Seljord