Clouds er det andre studioalbumet til den kanadiske visesongaren Joni Mitchell, utgjeve 1. mai 1969 på Reprise Records. Etter å ha gjeve ut debutalbumet sitt året før til god omtale, spelte Mitchell inn dette albumet i A&M Studios i Hollywood. Ho produserte mesteparten av albumet sjølv og måla eit sjølvportrett som vart nytta som plateomslag. Clouds har eit enkelt arrangement og er stort sett berre vokalen til Mitchell og den akustiske gitaren hennar med songar om mellom anna kjærastar.

Clouds nådde 22. plassen på albumlista i Canada og 31. plassen i USA. Det har selt til gullplate i USA for 500 000 selde eksemplar. Clouds fekk generelt god kritikk i musikkpressa.

Bakgrunn Etter å ha flytta til New York City og signert for Reprise Records i 1967, spelte Mitchell in debutalbumet sitt, Song to a Seagull i 1968 med produsenten David Crosby. Albumet var stort sett akustisk og somme songar vart sidan spelte inn av meir suksessrike songarar. På grunn av dette vart Mitchell eksponert for eit større publikum og fekk ein solid tilhengjarskare.

Produksjon Mitchell spelte inn Clouds i A&M Studios i Hollywood og spelte akustisk gitar og klaverinstrument. Ho fekk òg med seg Stephen Stills på gitar. Ho produserte alle songane sjølve, utanom «Tin Angel», der Paul A. Rothchild var produsent. Ho måla òg bilete på framsida av plateomslaget, eit sjølvportrett.

To songar, «Chelsea Morning» og «Both Sides, Now», var alt blitt spelt inn av andre snogarar då Mitchell byrja å spele inn albumet.Joni Mitchell, Biography: 1968–1970 Emerging Popular Artist , JoniMitchell.com. Mitchell skreiv «Both Sides, Now» etter å ha lese Saul Bellow-romanen Henderson the Rain King frå 1959 på eit fly og baserte seg på eit punkt i romanen der hovudpersonen ser på skyer frå eit fly. Samantreffet inspirerte til teksten i songen om å sjå på skyer frå begge sider som ein metafor på tvitydigheitane og mysteria i livet, som ho forklarte i eit intervju i 1967, «Eg drøymde ned på skyene og tenkte at då eg var barn hadde eg drøymd opp mot dei, og å ha drøymd mot skyene frå begge sider slik ingen tidlegare generasjonar har gjort, bør ein særs lett vere villig til å akseptere døden sin.»

Clouds er stort sett berre Mitchell på song og akustisk gitar. Songane på albumet har forholdsvis uvanlege, forsiktige harmoniar, særskild på «Songs to Aging Children Come», som nyttar kromatiske harmoniar.«Harmonic Palette in Early Joni Mitchell», p.173. Author(s): Lloyd Whitesell. Source: Popular Music, Vol. 21, No. 2, (May 2002), pp. 173–193. Published by: Cambridge University Press. For filmen Alice's Restaurant av Arthur Penn, Arlo Guthrie og Venable Herndon, vart «Songs To Aging Children Come» spelt inn på ny og framført av Tigger Outlaw i eit arrangement for solovokal og gitar som diegetisk musikk under ei gravferd. Songen til Mitchell vart rekna som eit høgdepunkt for ein «usedvanleg filmatisk» og «ven» scene.Vincent Canby, «Movies: Alice's Restaurant» , New York Times, Aug 25, 1969 Mitchell skulle opphavleg syngje songen sjølv, men avslo etter at forhandlingar om honorara ikkje vann fram med filmprodusentane. Joni Mitchell, Biography: 1968–1970 Emerging Popular Artist ).

Utgjeving og mottaking

Clouds kom ut på Reprise Records den 1. mai 1969. Det nådde 22. plassen på RPM-lista i Canada. I USA nådde albumet 31. plassen på Billboard 200. Det vann Grammyprisen for beste visesong i 1969. I ei melding som kom då albumet kom ut, skreiv Robert Christgau i The Village Voice at «utan produksjonen til David Crosby høyrest røysta til Joni feilernært ut, noko ho er.» Han meinte albumet hadde tre «glimrande» songar — «Roses Blue», «Both Sides, Now» og «Chelsea Morning» — men kritiserte dei to sistnemnde for å «ha blitt gjort betre av andre», særskild Gloria Loring si utgåve av «Chelsea Morning».

Clouds selde til gullplate i USA den 28. august 2001 for 500 000 selde eksemplar. AllMusic-skribenten David Cleary kalla Clouds ei «essensiell utgjeving» og «ein sterkt, slåande album og eit stort sprang framover for Joni Mitchell. Vokalen hennar er meir rett fram og trygg enn på debuten og viser ei subtil uttrykksevne på eit merkverdig nivå.» Sjølv om han syntest at Mitchell var «litt for ung og livleg til å syngje om desillusjon», meinte Pitchfork Media-skribenten Jessica Hopper at albumet var eit «landemerke» for Mitchell og ein «introduksjon til kva ho eigentleg handla om, å riste i visetradisjonen og gje av seg litt humor og glød.» Rolling Stone observerte ein «eldre og visare tone» og «ei stor forbetring frå debutalbumet». Magasinet rangerte «Both Sides, Now» på 171. plassen sin på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene i 2010.

Clouds vert rekna som kontemplativt album av Rolling Stone. David Cleary skreiv at songar som «Tin Angel», «That Song About the Midway» og «The Gallery» var skisesser av kjærastar, at «I Don't Know Where I Stand» handlar om uvissa i ny kjærleik, at «The Fiddle and the Drum» samanlikna den krigshissande, amerikanske regjeringa under Vietnamkrigen med ein bitter ven, at «Roses Blue» omhandlar misbruken av det okkulte og at «I Think I Understand» handlar om mental sjukdom. Jessica Hopper frå Pitchfork Media meinte at «tekstane til Mitchell var ein overgang frå den eigentlege hippie-sensualismen på denne tida (fargar! veret! stemningar!) til den klassiske prosodiske stilen (Keats! Cohen!) som ho vart kjend for.»

Innhald

Medverkande Henta frå plateomslaget:

Joni Mitchell – gitar, klaverinstrument, vokal Stephen Stills – bass, gitar

Teknisk Joni Mitchell - produsent, plateomslag Paul A. Rothchild – produsent Henry Lewy – lydteknikar Ed Thrasher – kunstnarisk leiar

Salslister Liste (1969)PlasseringDen kanadiske albumlista22U.S. Billboard 20031

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Clouds» frå , den 21. januar 2021. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Clouds på Discogs

Kategori:Musikkalbum frå 1969 Kategori:Joni Mitchell-album Kategori:Reprise Records-album Kategori:Album produserte av Paul A. Rothchild Kategori:Album produserte av Joni Mitchell Kategori:Album spelte inn i A&M Studios Kategori:Plateomslag av Joni Mitchell